Magnus Matningsdal

Magnus Matningsdal (fødd 29. september 1951) i Hå kommune er ein norsk jurist og domar i Norsk Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar den 11. august 1997.

Magnus Matningsdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. september 1951 (72 år)
Hå kommune
Yrke dommar, jusprofessor

Matningsdal vart uteksaminert cand.jur. frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen hausten 1976, vart lic.jur. i 1982 og dr.jur. i 1986. Før han vart tilsett i Høgsterett 11. august 1997 var han mellom anna professor ved Universitetet i Bergen, heradsrettsdomar ved Jæren sorenskrivarembete og førstelagmann i Gulating lagmannsrett. Ved fakultetet i Bergen har han hatt fleire verv, og har drive med undervising innan strafferett og straffeprosess. Han har òg forfatta fleire bøker om rettsvitskaplege emne, i hovudsak innan strafferett og straffeprosess.

Kjelder endre

Magnus Matningsdal hos domstol.no, vitja 14. juni 2010

Bakgrunnsstoff endre