Mahayana (sanskrit महायान, mahāyāna, 'stort køyretøy') er den eine av dei to store hovudretningane innan buddhismen i dag, der den andre er theravada. Somme tider skil ein ut tibetansk buddhisme (vajrayana) frå mahayana.

Mahayana-retninga oppstod i India rundt 100-talet f. Kr. eller 100-talet e. Kr. og spreidde seg etter kvart til Aust-Asia. Han blei den viktigaste retninga i Kina, Korea, Japan og Vietnam, og har spreidd seg med utvandrar frå desse landa til store delar av verda.

Retninga legg vekt på hjelp frå bodhisattvaer, folk som har oppnådd ei høg grad av oppvakning, til å hjelpa alle levande vesen til å frigjera seg frå den sanselege verda. Ho var ein reaksjon mot den sterke vektlegginga av munkesamfunn og ideala om arhatar, enkeltpersonar som har gjeve opp den materielle verda.

Innan mahayana blir annan buddhismene kalla arhatyana eller hinayana, 'lite køyretøy'.

Utbreiing i Noreg endre

Sjå og Buddhisme i Noreg

I Noreg finst fleire mahayana-grupper, til dømes Rinzai Zen Senter (zen-buddhisme) og Karma Tashi Ling buddhistsamfunn (tibetansk buddhisme).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre