Mahmoud Ahmadinejad

Mahmoud Ahmadinejad (fødd 28. oktober 1956) er tidlegare president i Iran og var den sjette presidenten i landet frå 2005 til 2013. Han var borgarmeister i Teheran frå 2003 til 2005, og er rekna for å vere ein religiøs konservativ leiar med islamistiske og folkelege syn. Ahmadinejad er utdanna ingeniør og var professor ved det teknologiske og vitskaplege universitetet i Iran før han vart borgarmeister.

Mahmoud Ahmadinejad

Fødd28. oktober 1956 (67 år)
Aradan
Statsborgar avIran
Yrkeuniversitetslærar, politikar, ingeniør
InstitusjonarIran University of Science and Technology
Utdanna vedIran University of Science and Technology
EktefelleAzam Farahi
MedlemForbundet av det islamske Irans utviklere
VervPresident i Iran 2005-2013
FøregangarMohammad Khatami
EtterfylgjarHassan Rouhani
Alle verv
  • Mayor of Tehran (2003–2005)
  • Irans president (2005–2013)
  • generalsekretær i Den alliansefrie bevegelse (2012–2013)
  • Minister of Intelligence (Iran) (2009–2009)
  • Minister of Petroleum of Iran (2011–2011)
  • Governor of Ardabil Province (1993–1997) Sjå dette på Wikidata

Ahmadinejad vart vald til president i Iran 24. juni 2005 i den andre valrunda i presidentvalet framfor rival og tidlegare president Ali Akbar Hashemi Rafsanjani, som Ahmadinejad sigra over med 61,69 % av dei rundt 28 millionar stemmene. Valdeltakinga på rundt 59,6 %. Iranske analytikarar forklarer støtta Ahmadinejad hadde, særleg blant dei fattige i landet, med den enkle livsstilen og dei populistiske meiningane hans.

Kjelder endre