Maidstone er grevskapshovedstad i Kent, i det søraustlege England. Byen ligg omkring 48 km frå London, og er det økonomiske, administrative sentrumet i grevskapet og i distriktet Maidstone. Distriktet har eit folketal på omkring 140 000, medan byen har kring 90 000 innbyggjarar. Han låg opphavleg på éi side av elva Medway, men dekker no område på begge sider av elveleiet.

Maidstone

Elva Medway ved Maidstone
Elva Medway ved Maidstone
Elva Medway ved Maidstone
Plassering
Maidstone is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Maidstone
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

91 236
Koordinatar 51°16′N 0°31′E / 51.267°N 0.517°E / 51.267; 0.517
Diverse annan informasjon
Postnummer ME14–ME16
Telefon-retningsnummer 01622
Commons har multimedium som gjeld: Maidstone

Byen har namn etter steinbrota i omegnen. Dei eldste går tilbake til romersk tid, og einskilde er enno i drift.

Bystatus vart gjeve i eit charter frå 1549. Maidstone var då under kyrkjeleg administrasjon, underlagt den anglikanske erkebiskopen av Canterbury. Då folkesetnaden under leiing av Thomas Wyatt gjorde opprør mot dronning Maria Tudor i 1553 vart bystatusen trekt inn, men han vart gjeninnført kort tid etter.

I 1619 vart den noverande bystatusen ratifisert av Jakob I, og byen fekk våpenskjoldet sitt som viser ei gyllen løve og ei stilisert elv. I seinare tid er eit kvitt hestehovud, symbolet for Kent, og ein iguandon lagt til. Iguandonen referer til oppdaginga av fossilet av ein slik dinosaur i nærleiken av byen; leivningane av denne er utstilt i Naturhistorisk museum i London.

Store delar av sentrum er i dag bilfritt, eller har strenge restriksjonar på biltrafikk. Byen er òg kjent i England fordi kontoret til byadministrasjonen ligg ved sida av fengselet i utkanten av byen.

I lang tid var dei viktigaste næringsvegane i byen jordbruksmarknadane, forsikringsverksemd og ein karamellfabrikk sør for elva. Mange av desse arbeidsplassane har forsvunne, og ein stor del av arbeidsstyrken pendlar til London. Maidstone ligg i eit område der det blir dyrka mykje humle, og på grunn av det gode tilgjenget på vatn frå Medway og andre kjelder var bryggeriindustrien lenge eit stort innslag i området. I 1950- og 1960-åra forsvann det meste av denne industrien; byen gjekk frå å ha seks store bryggeri til å i dag berre ha eit lite bryggeri med fire tilsette. Papirindustrien har òg vore omfattande, òg denne på grunn av elva. Hayle Mill produserer papir som er kjent i mange land for den gode kvaliteten sin. Rett utanfor byen ligg den største resirkuleringsanlegg for papir i verda.

Det har i mange år vore skipa ein elvefestival siste veka i august, og i samband med tusenårsskiftet vart det laga til ein gangveg langs elva. Dette er gjort for å trekkje merksemd mot tydinga til elva i historia til byen.

Kjelder endre