Mainland i Orknøyane

Mainland er den største øya i Orknøyane i Skottland. Dei to byane på Orknøyane, Kirkwall og Stromness, ligg begge på øya, som òg er eit trafikknutepunkt for øyane med ferjeterminalar og flyplass.

Mainland
øy
Land  Skottland
Region Orknøyane
Del av Orknøyane
Stad Atlanterhavet
Høgd 271 m
Areal 523,25 km²
Folketal 15 315  (2001)
Folketettleik 29,3 / km²
Kart
Mainland i Orknøyane
58°59′00″N 3°06′00″W / 58.983333333333°N 3.1°W / 58.983333333333; -3.1
Wikimedia Commons: Orkney Mainland

Tre fjerdedelar av alle innbyggjarane på Orknøyane bur på denne øya.

Namnet kjem av det norrøne Meginland. Tidlegare vart øya òg kalla Hrossey som tyder «Hesteøya». Øya vert stundom kalla Pomona (eller Pomonia), etter ei feilomsetjing frå 1500-talet og som sjeldan har vorte nytta lokalt.[1][2]

Geografi endre

Øya er relativt tett folkesett og har mykje frodig jordbruksland. Det meste av øya ligg vest for Kirkwall og består av eit lågtliggande landskap med kystklipper i nord og vest, og to store innsjøar, Stenness og Harray.

Austsida av Mainland er forma som bokstaven «W». Den austlegaste halvøya heiter Deerness. I sør strekkjer vegfyllingane Churchill Barriers seg mot øyane Burray og South Ronaldsay via Lamb Holm og Glims Holm.

Mainland er kjernen i Orknøyane og knyt dei nordlege øyane i gruppa til dei sørlege.

Sokn endre

Det er 13 sokn på øya.[3] Sandwick, Birsay og Stromness ligg på vestkysten, Rendall og Evie i nordvest. Holm, Deerness og St Andrews ligg aust for det sentrale St Ola, der byen Kirkwall ligg. Firth, Orphir, Stenness og Harray ligg vest for Kirkwall og aust for dei vestlegaste sokna. Harray er det einaste soknet på Orknøyane som ikkje har kyst.

Største busetnader endre

 
Stromness er den nest største byen på Mainland og Orknøyane.

Dei tre største busetnadane på Mainland er Kirkwall og Stromness, som begge har status som burgh (eller by) og Finstown.

Kirkwall er hovudstaden på øyane og ligg på ei smal stripe mellom det vestlege og austlege Mainland med Scapa Flow i sør, ei av dei største naturlege hamnene i verda. Kirkwall har òg tradisjonelt vore setet til biskopen av Orknøyane og St. Magnus Cathedral ligg der. Han er òg ein av dei største ferjeterminalane på øyane.

Stromness har om lag 2200 innbyggjarar. Gamlebyen ligg langs hovudgata med hus og butikkar bygt i lokal stien. Det går ferje frå Stromness til Scrabster i Caithness på det skotske fastlandet, samt til øya Hoy.

Finstown er den tredje største busetnaden og vart tidlegare kalla «Toon o' Firth».[4]

Historie endre

 
Skara Brae
 
Earl's Palace i Birsay

Vestsida av øya har mange byggverk frå steinalderen og piktarar.

Dei mest kjende steinaldermonumenta på øya ligg vest på Mainland, i «Heart of Neolithic Orkney», som er ein verdsarvstad. Denne består av det store gravkammeret Maes Howe, den seremonielle steinsirkelen dei ståande steinane i Stenness og Ring of Brodgar og steinalderlandsbyen Skara Brae, i tillegg til fleire gravstader, seremonielle stader og bustader som ikkje er undersøkt enno. Gruppa utgjer eit stort førhistorisk kulturlandskap som gjev eit godt bilete av livet nord i Skottland for om lag 5000 år sidan.

Andre attraksjonar er St. Magnus Cathedral og ruinane av Bishop's Palace i Kirkwall, Earl's Palace, ruinane av eit slott frå 1500-talet, og Skaill House, eit kjøpmannshus og museum nær Skara Brae.

Vikingane okkuperte Orknøyane og Mainland var ein del av Noreg fram til det vart gjeve til Skottland på 1400-talet. Ein finn mange spor etter vikingane, både ein busetnad ved Brough of Birsay, og dei mange stadnamna av norrønt opphav.

Churchill Barriers er fire moloar med ei samla lengd på 2,5 km. Dei knyt den sørlege delen av Mainland i nord til øya South Ronaldsay via Burray og dei to mindre øyane Lamb Holm og Glimps Holm. Den 14. oktober 1939 vart slagskipet HMS «Royal Oak» søkkt av ein tysk ubåt. Ubåten hadde kome inn i Scapa Flow gjennom Holm Sound, ein av fleire innløp i aust til Scapa Flow. For å hindre fleire åtak gav Winston Churchill om å byggje permanente hindringar. Dei fungerer i dag som vegfyllingar. Arbeidet starta i mai 1940 og varte til september 1944, men vart ikkje offisielt opna før 12. mai 1945, fire dagar etter at den andre verdskrigen enda i Europa.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Buchanan, George (1582) Rerum Scoticarum Historia: The First Book The University of California, Irvine.
  2. «Pomona or Mainland?» Orkneyjar.com.
  3. «Parishes». The Orcadian. Arkivert frå originalen 10. august 2012. Henta 14. mars 2010. 
  4. «Orkney Guide Book - Firth». BuyOrkney. Henta 14. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff endre