Majkop

by i Russland

Majkop (kyrillisk skrift Майкоп; adygisk Мыекъуапэ Myequape) er ein by i sør i Russland, og hovudstad i republikken Adygeja. Han har like under 160 000 innbyggjarar (2007). Byen ligg på høgresida av elva Belaja.

Maikop
Майкоп
Horisonten til Maikop
Horisonten til Maikop
Byåpenet til Maikop
Byvåpenet til Maikop


Plassering
Majkop is located in Russland
Majkop is located in Adygeja
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Adygeja
Grunnlagd
Bystatus
1857
1870
Borgarmeister Mikhail Tsjernitsjenko
Geografi
Flatevidd
 - By

308 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

156 700
  508,8 /km²
Koordinatar 44°36′N 40°05′E / 44.600°N 40.083°E / 44.600; 40.083
Høgd over havet 220 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 385000–385021
Retningsnummer (tlf) (+7)8772
Nettstad: adygheya.ru/territory/maykop

Historie endre

Majkop vart grunnlagd i 1857 som ei russisk festning. Festninga fungerte som ein strategisk viktig utpost under Kaukasuskrigen. Majkop fekk bystatus i 1870. I 1911 vart det oppdaga reserver av olje i området ved byen. Etter den russiske revolusjonen var Majkop frå 1918 til mars 1920 i hendene på dei kvite (kontrarevolusjonære) styrkane. Frå august 1942 til januar 1943 var byen okkupert av tyskarane.

I utkanten av Majkop ligg ein stor gravhaug frå tidleg bronsealder (2000-talet f.Kr.). Haugen vart grave ut i 1897. Det vart gjort rike funn som no er oppbevart i Eremitasjen i St. Petersburg.

Økonomi og næringsliv endre

Dei viktigaste næringane i byen er næringsmiddelindustri, treforedling og maskinindustri. Like i nærleiken ligg dei viktige Majkop-oljefelta.

Kultur og utdanning endre

Majkop har eit institutt for adygisk språk, litteratur og historie.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Majkop