Makalu er med 8 485 m det femte høgaste fjellet i verda. Det ligg i fjellmassivet Mahalangur Himal i Himalaya, 14 km aust for Mount Everest på grensa mellom Tibet og Nepal. På den nepalesiske sida ligg det i Makalu-Barun nasjonalpark.

Malaku
nepaliskrift मकालु
Makaru (kinesisk skrift 马卡鲁山),
pinyin Mǎkǎlǔ Shān
limbu Makalungma
fjell
Makalu sett frå sørvest (Chamlang til høgre)
Land Nepal,  Kina
Del av Himalaya
Fjellkjede Himalaya
Høgd 8 485 moh.
Primærfaktor 2 378 m
Sekundærfaktor 17,21 km → Lhotse
Koordinatar 27°3′3″N 87°5′20″E / 27.05083°N 87.08889°E / 27.05083; 87.08889
Lettast tilkomst Høgfjellstur, bretur
Førstestiging Lionel Terray
 - dato 15. mai 1955
Kart
Makalu
27°53′21″N 87°05′19″E / 27.889166666667°N 87.088611111111°E / 27.889166666667; 87.088611111111
Makalu sett frå vest
Makalu sett frå vest
Makalu sett frå vest
Wikimedia Commons: Makalu

Toppane endre

Hovudtoppen er isolert og med form som ein firesida pyramide. På Makalu-massivet ligg det òg to noko lågare toppar, Kangchungtse og sørausttoppen.

Makalu
Makalu, hovudtoppen 8 463 m
Makalu, søraustoppen 8 010 m
Kangchungtse (Makalu II) 7 678 m

I tillegg blir Chomo Lonzo (7 818 m) rekna til Makalu-massivet. Fjellet ligg rundt fire km nord-nordaust for hovudtoppen, og er skild frå denne av ein om lag 7 200 m høg sadel. Med ei skardhøgd på 590 m har Chomo Lonzo status som ein sjølvstendig topp.[1]

Klatrehistorikk endre

Det første forsøket på å klatre opp Makalu blei gjort av ein amerikansk ekspedisjon våren 1954. Dei prøvde å kome seg opp på sørsida av fjellet og nådde 7 100 m. Eit newzealandsk lag med blant anna Edmund Hillary som medlem prøvde også å klatre opp fjellet på om lag same tid, men kom aldri nemneverdig høgt opp på grunn av skade og sjukdom.

Hausten 1954 var ein fransk ekspedisjon dei første som nådde toppen av den mindre Kangchungtse.

Ein ni mann stor fransk ekspedisjon under leiing av Jean Franco var dei første som lukkast i å få klatrarar opp på hovudtoppen. 15. mai stod dei to første på toppen Lionel Terray og Jean Couzy. Dagen etter følgde Jean Franco, Guido Magnone og sherpaen Gyalzen Norbu, og til slutt Jean Bouvier, Serge Coupé, Pierre Leroux og André Vialatte den 17. mai. Dette var dei første ekspedisjonen som lukkast med å få alle deltakarane opp på ein 8000 meters-topp. Ruta dei opna går over Makalu La og er i dag normalruta, med tilnamnet «franskeruta».

I 1975 var Marjan Manfreda første til topps utan medbrakt oksygen.

Makalu var lenge den einaste 8000 meters-toppen i Nepal som ikkje var klatra i den offisielle vintersesongen. Mange kjende klatrarar mislukkast, til dømes Jean-Christophe Lafaille som er sakna etter eit forsøk vinteren 2005/2006. Den kvinnelege klatraren Nives Meroi mislukkast òg i forsøket sitt. Først opp vinterstid var Simone Moro og Denis Urubko, det skjedde 9. februar 2009.[2]

21. april 2004 stod nordmannen Sven Gangdal på toppen.[3][4]

Litteratur endre

  • Jean Franco, Makalu : 8470 metres (27,790 feet) : the highest peak yet conquered by an entire team, J. Cape, 1957.
  • Lionel Terray, Conquistadors of the Useless, p. 323-335, Victor Gollancz Ltd., 1963. ISBN 0-89886-778-9
  • Frank Gräfe, Grenzgang am Makalu. Erinnerungen einer Himalaya-Reise. Verlag D.J.M., Dresden 2000

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre