Maksimilian Volosjin

Maksimilian Aleksandrovitsj Kirijenko-Volosjin (28. mai 187711. august 1932) var ein framståande representant for den symbolistiske retninga i russisk kultur og litteratur. Han vart kjend som poet og kritikar av litteratur og kunst. Arbeida hans vart utgitt i samtidige tidsskrift tidleg på 1900-talet, mellom anna i «Vesy» (Vekta), «Zolotoje runo» (Det gylne ull) og «Apollon». Han var også kjend for sine briljante omsetjingar av fransk poesi og prosa til russisk.

Maksimilian Volosjin

Fødenamn Максимилиан Александрович Кириенко-Волошин
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 16. mai 1877, 28. mai 1877
Kyiv
Død

11. august 1932 (55 år)
Koktebel

Yrke kunstmålar, lyrikar, skribent, litteraturkritikar, omsetjar, essayist, journalist, duellant, bibliofil
Språk russisk
Sjanger dikt
Medlem av Q4127538
Ektefelle Margarita Woloschin, Maria Zabolotskaya
Maksimilian Volosjin på Commons

Liv og gjerning endre

 
Boris Kustodjev: Portrett av Maksimilian Volosjin, 1924

Volosjin var fødd i Kiev i 1877. Han var elev i nokre få år ved Polivanov og ein skule på halvøya Krim, mor hans kjøpte i 1893 eit landstykke i Koktebel. Etter gymnaset vart Volosjin student ved universitetet i Moskva, nett då den radikale studentrørsla i Russland gjorde seg synleg att.

Volosjin reiste vide i Russland, ofte til fots. I 1900 var han del av ein ekspedisjon som kartla ruta til Orenburg-Tasjkent-jarnbanen.

Seinare i livet måla han akvarellar. Mange av kunstverka er i dag spreidd til mange museum verda rundt. Andre finst i private samlingar i Russland og andre land.

Småbyen Koktebel søraust på Krimhalvøya der Volosjin budde, var til stor inspirasjon for han. I heimen sin tok Volosjin imot tallause poetar, kunstnarar, skodespelarar, vitskapsmenn og vandrarar. Heimen er i dag omgjort til museum. Berget der Volosjin vart gravlagd, fekk seinare namnet etter han.

Kjelder endre