Malaika Mihambo (fødd 3. februar 1994) er ein tysk friidrettsutøvar frå Heidelberg som vart europameister 2018, verdsmeister 2019 og olympisk meister 2021 i lengdehopp. Ho har ein personleg rekord på 7,30 meter frå verdsmeisterskapen 2019.

Malaika Mihambo


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 3. februar 1994 (30 år)
Heidelberg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020

Utmerkingar

Sportler des Jahres, Leichtathleten des Jahres, Sportler des Jahres

Aktiv endre

Mihambo gjorde personbeste i lengdehopp med 6,90 meter i 2014. To år seinare tok ho bronsemedaljen i øvinga ved EM i friidrett 2016, før ho under Sommar-OL 2016 flytta sitt personbeste til 6,95 m i finalen og vart nummer 4. I Weinheim 26. mai 2018 forbetra ho rekorden sin til 6,99 meter, seinare same sommaren vart ho europameister med moderate 6,75 m.

2019-sesongen var Mihambo i sitt livs beste form. Ho forbetra den personlege rekorden til 7,07 m i Roma den 6. juni, vidare til 7,16 m i den tyske meisterskapen i Berlin 4. august, for så å toppe rekordreisa med 7,30 meter i VM finalen i Doha den 4. oktober. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo 2021 låg ho på tredjeplass før sjette og siste finaleomgang. I sitt siste forsøk landa ho på 7,00 meter og årsbeste, dermed la ho dei andre medaljevinnarane 3 centimeter bakom seg.

Mihambo vann den tyske meisterskapen i lengdehopp i 2016 og åra 2018-21.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre