Malatya (armensk Մալաթիա Malat'ya; gresk Μαλάτεια, Malateia, gammalsyrisk ܡܠܝܛܝܢܐ Malīṭīná) er ein by søraust i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Malatya. Han ligg ved foten av Taurusfjella. Per 2010 budde det 401 705 menneske i byen.

Malatya
by
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins provinsen Malatya
Høgd 954 moh.
Koordinatar 38°4′N 38°1′E / 38.067°N 38.017°E / 38.067; 38.017
Areal 1 582 km²
Folketal 401 705
Folketettleik 254 / km²
Borgarmeister Ahmet Çakır
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 44xxx
Retningsnummer 0422
Bilnummer 7201
Kart
Malatya
38°21′02″N 38°18′34″E / 38.35062°N 38.3094°E / 38.35062; 38.3094
Wikimedia Commons: Malatya
Nettstad: www.malatya.bel.tr

Staden for byen har vore busett i tusenvis av år. Assyrarane kalla byen for Meliddu[1] og som ei følgje av den romerske ekspansjonen mot aust, vart byen omdøypt til Melitene på latin. Staden Malatya låg i antikken ligg nokre få kilometer frå den moderne byen i det som i dag er landsbyen Arslantepe og nær det avhengige distriktssenteret Battalgazi. Dagens Battalgazi var staden der byen Malatya låg fram til 1800-talet då ein gradvis forflytting av byen til dagens tredje lokalisering byrja. Det offisielle namnet til Battalgazi var Eskimalatya («Gamle Malatya»); inntil nyleg var det eit namn som berre vart nytta lokalt.

Klima endre

Malatya har eit steppeklima med varme og tørre somrar, og kalde og snørike vintrar. Den høgaste dokumenterte temperaturen var 42,2 °C den 31. juli 2000. Den lågaste dokumenterte temperaturen var -19,0 °C den 27. desember 2002.

Vêrdata for Malatya
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 14,2 18,6 27,2 33,7 36 40 42,2 41,5 38,8 33,1 25 18 42,2
Gjennomsnittleg maks °C 3,7 6,1 12 18,6 23,9 29,7 34,2 34 29,3 21,5 12,4 5,7 19,3
Gjennomsnittleg min °C −2,6 −1,7 2,4 7,6 11,7 16,3 20,1 20 15,5 9,9 3,6 −0,6 8,5
Lågast målte °C −17 −15,3 −13,9 −4,2 0,1 7 10 12,4 5,7 −1,2 −12 −19 −19
Gjennomsnittleg nedbør mm 35,6 35,3 50,2 54,7 45,9 18,8 3,3 2,2 7,1 38,8 42,3 38,2 372,4
Gns. solskinstimar i månaden 108,5 117,6 176,7 216 294,5 348 387,5 365,8 297 229,4 156 102,3 2 799,3
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2]Hong Kong Observatory[3]

Utdanning endre

Universitet İnönü, eit av dei største universiteta i den austlege regionen av Tyrkia, ligg i Malatya. Det vart grunnlagd i 1975 og har tre institutt og ni fakultet på sin campus, og med meir enn 2500 tilsette og 20 000 studentar. Universitetet ligg i den sørlege delen av Malatya. Det er òg 162 vidaregåande skular i Malatya.

Sport endre

Det offisielle laget til Malatya er Malatyaspor i fargane raud og gul. Laget kjempar per 2012 i andre divisjonen. Stadionet til laget er Malatya İnönü Stadium som ligg i sentrum av byen. Det andre laget til byen er Malatya Belediyespor med fargane grøn og oransje og kjempar for tida i tredje divisjonen.

Festivalar endre

Marknaden i Malatya og Aprikosfestivalene har vorte halde sidan 1978 kvart einaste år i juli for å fremje byen og aprikosar, og for at produsentar skal ha ein møtestad. I løpet av festivalane er det ulike sportsaktivitetar, konsertar og aprikoskonkurransar.

Når det ikkje blir feira for aprikosen, er det ein festival for kirsebær ved distriktet Yeşilyurt i Malatya og for druer i distriktet Arapgir. Det skjer òg årleg.

Kjelder endre

  1. ,Hawkins, John D. (2000): Corpus of Hieroglyphic Luwian Inscriptions. Vol. 1: Inscriptions of the Iron Age. Walter de Gruyter.
  2. http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=MALATYA
  3. http://www.hko.gov.hk/wxinfo/climat/world/eng/europe/gr_tu/malatya_e.htm

Bakgrunnsstoff endre