Malin Head (irsk Cionn Mhálanna)[1] er eit nest som dannar det nordlegaste punktet på det irske fastlandet. Det ligg i Ardmalin townland[2] på halvøya Inishowen i County Donegal. Det nordlegaste punktet på neste heiter Dunalderagh, og ligg ved 55,38ºN.[3] Det ligg rundt 16 km (10 mi) nord for landsbyen Malin.

Malin Head
nes
Land  Irland
Kart
Malin Head
55°22′51″N 7°22′12″W / 55.380805555556°N 7.37°W / 55.380805555556; -7.37
Wikimedia Commons: Malin Head

Øya Inishtrahull ligg lengre nord, rundt 10 km nordaust for neset. Vêrstasjonen på Malin Head (bygd i 1955) er ein viktig del av den irske meteorologitenesta Met Éireann, som lagar vêrmeldingar.

Malin Head er ein del av turistvegen Wild Atlantic Way.

Kjende stader endre

Banba's Crown ('Banba si krone') er det høgaste punktet på på Malin Head.[4] Banba var ei av dei mytiske dronningane på Irland.

Wee House of Malin er ei grotte i åssida og skal ha vore heimstaden til St. Muirdealach. Segna seier at uansett kor mange folk som gjekk inn i grotta, var det alltid plass til fleire. Ved sida av grotta ligg ruinane av ei gamal kyrkje som i følgje segna var bygd av St. Muirdealach.

Hell’s Hole er ei kjent kløft og ei fjellhylle er kjend som Devils Bridge.[4]

The Tower endre

Ein høg og forlaten bygning lokalt kalla The Tower vart bygd her i 1805 av Admiralitetet, og seinare nytta som ein signalstasjon. Under den andre verdskrigen vart det bygd små hytter som vart nytta av dei irske forsvarsstyrkane for å halde vakt og verne irsk nøytralitet. Marconi Wireless bygde ein radiostasjon ved sida av tårnet i 1910. Mange år seinare vart denne stasjonen flytta nokre kilometer bort og vert no kontrollert av den irske kystvakta. I nordaust kan ein sjå øya Inistrahull, der det har stått eit fyr sidan 1813.

Ornitologi endre

Malin Head er ein av få stader i Europa der ein kan høyre åkerrikse. Her har ein òg god utkikk til trekkfuglar som havsule, gulnebblire, storjo, alke og mange andre.

Galleri endre

Kjelder endre

55°23′N 7°22′W / 55.383°N 7.367°W / 55.383; -7.367