Mammatus (mamma eller mammatocumulus) er eit meteorologisk omgrep på hengande skykuler på undersida av ei sky, som oftast ei cumulonimbussky, men dei kan òg oppstå under altocumulus- eller stratocumulusskyer. Dette er kanskje det mest spektakulære skyfenomenet som kan oppstå i atmosfæren, og er eit ynda mål for vêrobservatørar og fotografar. Dei kan vare frå eit par minutt til fleire timar før dei blir oppløyste og forsvinn.

Mammatussky i Tulsa, Oklahoma, 1973

Dei blir danna ved ein slags «omvendt konveksjon». I ei cumulonimbussky vil varm, fuktig luft stige til toppen av troposfæren. Over troposfæren er luftlaga meir stabile, og dette stoggar den vertikale luftrørsla, og den stigande lufta blir i staden pressa horisontalt ut frå toppen av skya (kjend som amboltsky). Dei skyfri områda under amboltskya er kjøligare, og temperaturskilnaden mellom dei to luftmassane fører til ein instabilitet under ambolten. Dette fører til at lommer med varm og fuktig luft i skya blir ført nedover. Denne omvendte konveksjonen blir forsterka av tyngdekrafta og fallande nedbør i skya. Dei søkkande luftrørslene fører til at den varme, fuktige lufta kondenserer i det tørrare luftlaget under skya, og det blir danna kuleforma utvekstar som heng ned frå undersida. Desse kan dekke eit stort område.

Mammatus har ofte vore kopla til tornadoar, særleg på 50- og 60-talet. Dette er ei vanleg feiltolking. Mammatus er ikkje eit førevarsel for tornadoar, men er eit mogeleg biprodukt.[1]

Det er svært vanleg at cumulonimbusskyer med mammatus inneheld kraftige vindskjer, og i visse tilfelle òg kulelyn. Derfor vil flypilotar alltid prøve å unngå slike skysystem.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Fleire bilete av mammatus endre