Man on the Corner

Man on the Corner
Singel av Genesis
frå albumet Abacab
B-side

Submarine

Utgjeve 5. mars 1982
Innspelt 1981
Sjanger Synth-pop
Lengd 4:27 (album)
3:56 (spesialmiks)
3:40 (amerikansk singel)
Selskap Charisma/Virgin (Storbritannia)
Atlantic (U.S.)
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent Genesis
Genesis-kronologi 
«Keep It Dark»
(1981)
Man on the Corner «Paperlate»
(1982)


«Man on the Corner» er ein song av det britiske bandet Genesis frå albumet Abacab frå 1981. Songen vart gjeven ut som singel den 5. mars 1982 og er skriven av Phil Collins. Singelen nådde 41. plass på UK Singles Chart.[1]

Teksten endre

Teksten skildrar ein mann som plar å stå på eit gatehjørne og rope til dei som går forbi. I følgje radioprogrammet In the Studio with Redbeard (som omhandla innspelinga av Abacab), er det den første songen Collins skreiv om heimløyse og kor motvillige samfunnet er til å hjelpe dei heimlause. Med berre ein enkel trommemaskinrytme har songen ein musikalsk mørk tone. Nær slutten av 1980-åra skreiv Collins igjen ein song om heimløyse med songen «Another Day in Paradise». På songen vert det nytta ein Roland TR-808-trommemaskin, før det vert byta til vanlege trommer under mellomspelet.

Kjelder endre

  1. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.

Bakgrunnsstoff endre