Manche

franske departement
Manche
Våpenskjoldet til Manche
Plassering
Plasseringa til Manche i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 50
Region: Basse-Normandie
Préfecture: Saint-Lô
Sous-préfectures: Avranches
Cherbourg-Octeville
Coutances
Arrondissement: 4
Kantonar: 52
Kommunar: 602
Président du conseil général: Jean-François Le Grand
Statistikk
Folketal Rangering 52.
 -1999 481 471
Folketettleik: 81/km²
Landareal¹: 5 938 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Manche er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Basse-Normandie og er kalla opp etter La Manche («ermet»), som er fransk for Den engelske kanalen.

Historie endre

Manche er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie.

Den første hovudstaden var Coutances fram til 1796Saint-Lô overtok, men han fekk igjen denne rolla etter den andre verdskrigen, sidan Saint-Lô nesten vart heilt øydelagd under Operasjon Overlord i Normandie. Då Saint-Lô var bygd opp att vart han igjen hovudstad.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Basse-Normandie og grensar til departementa Calvados, Orne, Mayenne og Ille-et-Vilaine.

Departementet inkluderer òg halvøya Cotentin og øyane Chausey, og er omringa av Den engelske kanalen på tre sider med ei kystlinje på 350 km.

Klima endre

Manche har eit maritimt klima med milde vintrar der temperaturane sjeldan går under 0 °C, og tempererte somrar med temperaturar rundt 25 °C. Departementet får ein god del nedbør, men dette varierer ein del i området frå rundt 700 mm i året på kysten til 1 300 mm i sørlege område.

Det er ofte ein sjøbris ved kysten, som i kombinasjon med tidvatnet gjev raske temperaturendringar i løpet av ein enkelt dag.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert kalla manchots eller manchois.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Manche