For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Mandarin (fleirtyding).
Mandarin
Mandarin
Mandarin
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: Mandarin C. reticulata
Vitskapleg namn
Citrus reticulata

Mandarin (Citrus reticulata) er namnet på eit lite sitrustre og den appelsinliknande frukta det ber. Frukta er mindre, noko mildare på smak og lettare å eta enn appelsina. I Noreg vart mandarinar særleg kjøpte og etne ved juletider, men tidleg på 1990-talet slutta Noreg å importere mandarinar. Den liknande frukta ein finn i butikkane i dag er klementin.

Mandarinen kjem opphavleg frå det sørlege Kina, men har sidan blitt spreidd av menneske. Det finst fleire typar mandarinar med eigne namn.

Nyplukka mandariner

Frukta er avrunda, men litt samantrykt i topp og botn slik at ho ikkje er heilt rund. Mandarinskalet er tynnare enn på appelsin, og som oftast òg mykje lausare. Sjølve frukta kan lett delast i separate båtar. Ho er dermed lett å skrella og eta utan søl. Det er vanleg å eta henne åleine, men ein kan òg bruka mandarinar attåt matrettar, som pynt på dessertar, og i salatar.

Ulike mandarintypar endre

Tangerin og satsuma er gamle, opphavlege mandarintypar. Den japanske satsumafrukta er steinfri og vert difor ofte hermetisert. Mandarinen kryssar seg lett med andre sitrusfrukter, og det finst derfor mange hybridtypar. Dei fleste sitrusfruktene er sjølvpollinerande eller har frukter utan frø slik at dei ikkje treng å pollinerast. Tangerinblomar derimot må pollinerast av andre, og treng bier i nærleiken for å produsera mange frukter.

 
Mandarinblomen

Klementin er ei kryssing mellom mandarin og pomerans, minneola kjem frå mandarin og grapefrukt, og temple er ei naturleg kryssing mellom mandarin og appelsin som kjem frå Jamaica. Ugli er ei anna frukt frå dette landet som stammar frå tangerin, appelsin og grapefrukt. Namnet kjem frå engelsk ugly (stygg) og er eit registrert varemerke på øya. Suntina er namnet på ein moderne hybrid frå Florida.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mandarin