Manfred Kinder (fødd 20. april 1938) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Königsberg, som representerte Tyskland og Vest-Tyskland. Han var i 1960-åra ein av Europas beste 400-meterløparar, og vart europameister 1962 i stafett.

Manfred Kinder


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 20. april 1938 (86 år)
Königsberg
Idrett 800 meter, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960

Kinder sprang livsbeste 45,8 sekund på 400 meter den 22. juli 1960 i Berlin. Sju veker seinare vann han ein olympisk sølvmedalje då Tyskland vart nummer 2 i 4 x 400 meter stafett i Roma, få dagar etter han vart femtemann på 400-meteren. Ved EM i friidrett 1962 i Beograd vart han sølvmedaljør individuelt og europameister i 4 x 400 m stafett for Vest-Tyskland. I Sommar-OL 1964 vart ikkje Tyskland og Kinder betre enn nummer 5 i 4 x 400 m stafett. I europameisterskapen 1966 kom Kinder på bronseplassen på 400 m, slått av to utøvarar frå Polen. Han og det vesttyske mannskapet måtte også sjå seg vist til andreplass av Polen i 4 x 400 m stafett. I sin siste internasjonale meisterskap, Sommar-OL 1968, i Mexico-byen hausten 1968 fekk Kinder og Vest-Tyskland bronse i 4 x 400 m stafett.

Kinder vart aldri vesttysk meister på 400 meter, derimot vann han i 1963 og 1964 800-meteren i den vesttyske meisterskapen. På 800 meter fekk han som best notert 1.46,7.

Kjelder endre