Manfredonia

kommune i Italia

Manfredonia er ein by i provinsen Foggia i regionen Puglia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg ved kysten av Adriahavet, om lag 35 km nordaust for Foggia med jernbane og sør for fjellet Gargano

Manfredonia
Plassering
Manfredonia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Foggia
Borgarmeister Francesco Paolo Campo
Geografi
Flatevidd
 - By

351 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

57 424
  163.90/km²
Koordinatar 41°38′N 15°55′E / 41.633°N 15.917°E / 41.633; 15.917
Høgd over havet 5 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 71043
Telefon-retningsnummer 0884
Nettstad: www.comune.manfredonia.fg.it

Historie endre

Området rundt Manfredonia vart busett i antikken av Dauni-stamma, som kom hit frå Illyria. Den blømande greske kolonien kom seinare inn under samnittane og vart gjenerobra rundt 335 fvt. av kong Aleksander av Ipiros, onkel til Aleksander den store. I 189 fvt. vart han erobra av romarane.

I år 663 vart han erobra av og øydelagd av slavarar. På 800-talet vart han ei stund underlagt sarasenarane.

I 1042 gjorde normannarane byen til sete i eit av dei tolv grevskapa sine, medan Monte Gargano vart verande under Austromarriket. Normannarane vann ein avgjerande siger der over den austromerske generalane Argyrus i 1052. Byen vart så erkebispedøme i det normanniske grevskapet Puglia.

Etter eit jordskjelv i 1223 vart vatnet i lagunane helseskadeleg og den gamle byen vart forlaten. Den moderne byen Manfredonia vart bygd av kong Manfred mellom 1256 og 1263, nokre kilometer frå ruinane av den antikke byen.

I 1528 stod Manfredonia imot eit fransk åtak leia av vicomten av Lautrec. I 1620 vart han øydelagd av osmanarane, som berre etterlet borga og delar av bymurane.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Manfredonia

Kjelder endre