Manger kyrkje står i tettstaden Manger i Alver kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891. Arkitekt for bygget var Hans Heinrich Jess.[1]

Manger kyrkje
kyrkje
Foto: B Ystebo
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Radøy
Fellesråd Radøy
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Heinrich Jess[1]
Material Tre
Innvigd 27. oktober 1891[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 550 [2]
Kart
Manger kyrkje
60°38′29″N 5°02′33″E / 60.6415°N 5.0424°E / 60.6415; 5.0424
Wikimedia Commons: Manger kirke
Manger kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Manger kyrkje

Dagens kyrkje er den fjerde kjende på plassen. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje frå 1100-talet som ein meiner stod til kring 1600 då ho vart avløyst av ei lafta kyrkje. Den andre kyrkja stod til 18. januar 1738 då ho brann ned etter lynnedslag. Ny kyrkje vart vigsla 5. november 1743. Dette var ei steinkyrkje som stod til 1889 då ho måtte vike plassen for dagens kyrkje.

Manger kyrkje høyrer til Radøy sokn i Nordhordland prosti.

Vedlikehald endre

Målingar tatt i 2014 avslørte kyrkja blir stadig skeivare i veggen mot nordaust. Veggen mot nordaust er no 22.9 centimeter skeiv frå topp til botn. Dette er ein auke av 3.9 centimeter siden 2006[3]. Kyrkja har vorte stengd fleire gonger grunna vind, og gudtenester har verta halde I Sæbø kyrkje[4] i staden. Utbetringsarbeidet hastar, og frykta er at ekstremvêr med storm eller orkan frå sørvest skal gjera større skader på kyrkjebygget innvendig, og i verste fall føra til at kyrkja rasar saman. Eit plan til utredningsarbeid har konsulentselskapet Akasia lagt fram i et forslag til løysing til soknerådet. Kostnaden til stabilisering var I 2015 ramma på 7,5 millionar kroner[5].

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Harry Fett, Norges kirker i det 16de og 17de aarhundrede, Norsk folkemuseum, Kristiania, 1911. E-bok
  • B.E. Bendixen,Kirkerne i Søndre Bergenhus amt : bygninger og inventarium., John Griegs Bogtrykeri, Bergen 1904. E-bok
  • Johan Litleskare, Soga um Manger kyrkja. Frå den fyrste kristne tid til 1941, Manger herad, 1940.
  • Gunnar Kolstad, Lars Morken, Magne Myrtveit, Per Einar Sønnesyn (redaksjon), Manger kyrkje og prestegard. Jubileumsskrift i høve 100-årsdagen til Manger kyrkje 27. oktober 1991, Manger sokneråd, 1991. ISBN 82-99-2484-1-8 E-bok
  • Jarle Sulebust, Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Band 2, Eide forlag, Bergen, 1997. ISBN 82-514-0520-3
  • Atle Døssland og Karl Egil Johansen, Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Band 4, Eide forlag, Bergen, 1999. ISBN 82-514-0554-8
  • Hans-Emil Lidén og Vidar Trædal, Red: Anne Marta Hoff, Norges kirker. Hordaland. Bind III i serien Norske minnesmerker, Norsk institutt for kulturminneforskning/Gyldendal, Oslo, 2003. ISBN 82-05-311-38-2. Elektronisk utgåve av relevant kapittel på Norges kirker.
  • Anders Haugland, Radøy gjennom tidene. Bind 3. Frå gnr 42 Flone til gnr 62 Kolås, Radøy kommune, 2010. ISBN 978-82-995960-4-6

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Norges Kirker: «Manger kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 29. mars 2009
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Manger kyrkje», s. 370
  3. Stig Elliott (2014). «Skal jekkast beinare og støttast med stål» (på norsk). Strilen. Henta 26. mars 2016. 
  4. Stig Erik Elliot (2016). «Må flytta gudsteneste grunna vind» (på norsk). Strilen. Henta 26. mars 2016. 
  5. Hans Egil Storheim (2015). «Godtek dobla kyrkje-kostnad» (på norsk). Strilen. Henta 26. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff endre