Manmohan Singh (fødd 26. september 1932) er ein indisk politikar, og statsminister i India sidan 22. mai 2004. Han er medlem av Den indiske nasjonale kongressen (Indian National Congress, ofte kalla Kongresspartiet), og er den første sikhen som vart statsminister i India.

Manmohan Singh

Statsminister i India
Periode2004-
PartiKongresspartiet
Fødd26. september 1932
FødestadGah
EktefelleGursharan Kaur
BarnUpinder Singh, Daman Singh, Amrit Singh
FøregangarAtal Bihari Vajpayee

Singh vart fødd i landsbyen Gah i Punjab, som no er ein del av Punjab-provinsen i Pakistan. Han studerte økonomi og tok mastergrad på Panjab-universitetet i Chandigarh, han har òg ein lågare grad frå St. John's College ved universitetet i Cambridge og doktorgrad frå Nuffield College ved universitetet i Oxford.

Singh jobba i yngre dagar som økonom for Det internasjonale pengefondet (IMF). Frå 1982 til 1985 var han leiar for den indiske sentralbanken. I 1991 vart han finansminister i regjeringa til P. V. Narasimha Rao, som sat til 1996. I den posisjonen gjennomførte han økonomiske liberaliseringsreformer. Frå 1998 til 2004 var han opposisjonsleiar i overhuset i det indiske parlamentet mens koalisjonsregjeringa til det hindu-nasjonalistiske Bharatiya Janata-partiet sat ved makta. Ved parlamentsvalet i 1999 lukkast han ikkje i å bli vald inn i underhuset. Han er dermed den einaste indiske statsministeren som aldri har sete i underhuset. Singh har sete i overhuset som representant for Assam sidan 1995.

Ved det indiske parlamentsvalet i 2004 vart Kongresspartiet det største partiet, og koalisjonen Den sameinte framstegsalliansen (United Progressive Alliance), leia av Kongresspartiet, vart den største blokka i parlamentet. Alliansen danna ei mindretalsregjering, med støtte av Venstrefronten (Left Front). Leiaren av Kongresspartiet, Sonia Gandhi, overraska ved å ikkje ta statsministerposten sjølv, men nominerte Singh.

Manmohan Singh gifta seg i 1958 med Gursharan Kaur, dei har tre døtrer.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå engelsk wikipedia den 23. februar 2008.

Bakgrunnsstoff endre