For andre tydingar av oppslagsordet, sjå folketeljing.

Eit manntal er ei offentleg liste med namn på personar, sett opp for eit bestemt formål.

Norske manntal endre

Valmanntal endre

I Noreg vert det sett opp offentlege valmanntal som viser kven som har røysterett til stortingsval, kommune- og fylkestingsval, soknerådsval og sametingsval. Ein må stå i manntalet for å ha røysterett ved val.

Manntal som historiske kjelder endre

Skattemanntal er sett opp for å gje oversikt over kven som er skattepliktige. I Noreg finst brotstykke av slike manntal attende til mellomalderen. Blant dei eldste skattemantala er listene som vart sett opp for innkreving av gjengjerden frå 1514, tomarkeskatten frå 1519 og tiendpengeskatten frå 1520-22. Frå om lag 1600 har lensrekneskapa skattemanntal for dei som betalte odels- og leiglendingeskatt. Blant andre skattemanntal som vert bruka ved slektsforsking og lokalhistorie er koppskatten frå 1645 og ekstraskatten i 1762. Den sistnemnde skal vere den rikaste personalhistoriske kjelda blant skattemanntala. Her vart det ført manntal over alle innbyggjarar over 12 år, både skattepligtige og fattige, menn som kvinner.

Manntala frå 1660-åra og frå 1701 var forløparar til folketeljingane. Eit hovudformål for dei var å gje oversyn over den vernepliktige delen av folket, følgjeleg dekker dei berre den mannlege delen av folket. Likevel kan dei vere viktige som personalhistoriske kjelder, sidan kjeldematrialet frå denne tidbolken er sparsamt.

Kjelder endre

  • Nils Johan Stoa og Per-Øivinf Sandberg (2001): Våre røtter - Håndbok i slektsgransking Cappelen

Bakgrunnsstoff endre