Manukau Harbour er den nest største naturlege hamnaNew Zealand og i flatevidde den sjette største i verda. Ho ligg sørvest for eidet der Auckland ligg, og er ein arm av Tasmanhavet.

Manukau Harbour
bukt
Manukau Harbour Heads i 1960.
Land  New Zealand
Kart
Manukau Harbour
37°01′41″S 174°41′44″E / 37.028061°S 174.695491°E / -37.028061; 174.695491
Wikimedia Commons: Manukau Harbour

Geografi endre

 
Satellittbilete av Auckland, Waitemata Harbour og Manukau Harbour

Innløpet til hamna ligg mellom Burnett Head og Ohaka Head i nord, ved den sørlege grensa til Waitakere Ranges og South Head i sør, i enden av den lange Halvøya Awhitu Peninsula som ligg nesten inntil munningen til elva Waikato River. Munningen er berre 1800 m vid, men etter ein ni km lang kanal vidar hamna seg ut til eit grovt sett kvadratisk basseng som er 20 km vidt. Vassoverflata i hamna har ei yte på 394 km2. Tidevatnet gir ein variasjon på djupna i hamna på opp til 4 meter.

På grunn av den store hamna og det tronge innløpet mellom Manukau Heads, er tidevass-straumen rask og kraftig, og ein grunne ute i munningen gjer inn- og utsegling i hamna risikabel. Det mest tragiske skipsforliset på New Zealand fann stad på denne grunnen i 1863«HMS Orpheus» gjekk på grunn i godvêr, og 189 liv gjekk tapt. På grunn av dette tilhøvet, og fordi hamna er heller grunn, er ho ikkje ei viktig hamn i Auckland, og tilhøva ved Onehunga er ikkje særleg gode samanlikna med dei som finst i Waitematahamna nordaust for Aucklandseidet.

Hamna har tre hovudarmar: Mangere inlet i nordaust ligg nær det sentrale byområdet i Auckland, og dei indre forstadane Onehunga og Te Papapa ligg på den nordre breidda til denne armen. Sør for armen ligg dei tettbygde områda Otahuhu og Mangere. Mangere Bridge går over denne armen.

Papakura Channel ligg i søraust og strekkjer seg inn i det urbane området Papakura.

Eit tredje innløp med namnet Waiukuelva ligg i sørvest, og dette når sør til byen Waiuku. Flyplassen Auckland International Airport ligg nær den austlege breidda til hamna.

 
Mangere Bridge sett frå Onehunga

Rekreasjon endre

Hamna er ein populær stad for fiske, sjølv om det kan vera vanskeleg å setja båt på vatnet ettersom det finst få kaianlegg som kan brukast ved all vass-stand. Mange brukar derfor lokale strender til dette. Cornwallis, som ligg ved sida av halvøya Puponga Peninsula, var den første staden som var tiltenkt sete for den framtidige byen Auckland. På grunn av uærlege sal av landområde og mykje ulendt terreng vart busetnaden oppgitt i 1840-åra. Frå dei omkringliggjande, buskkledde åsane vart det fjerna store mengder kauritre for oppsaging og materialane vart utskipa frå ei kai ved Paratutai til anten den andre sida av Manukau Harbour ved Onehunga, til bruk ved oppbygginga av den nye byen Auckland, eller langs kysten til andre busetnader på New Zealand. Dei siste sagbruka vart nedlagde tidleg i 1920-åra.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

37°00′S 174°40′E / 37.000°S 174.667°E / -37.000; 174.667