Many Rivers to Cross

song av Jimmy Cliff
Many Rivers to Cross
av Jimmy Cliff
frå albumet Jimmy Cliff
Utgjeve 1969
Sjanger Reggae, gospel
Lengd 2:44
Selskap Trojan Records
Tekstforfattar Jimmy Cliff
Låtskrivar(ar) Jimmy Cliff

«Many Rivers to Cross» er ein song skriven i 1969 av Jimmy Cliff.

Dette er ein av få Cliff-songar der han nyttar orgel, som er med på å skape ein gospelkjensle i lag med korvokalistane. Cliff gav ut songen, produsert av Leslie Kong, i 1969 på albumet Jimmy Cliff. Han vart òg gjeven ut i 1972filmmusikkalbumet for filmen The Harder They Come, der Cliff hadde ei rolle. Rolling Stone rangerte songen på 325. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Songen vart nytta i filmen Rush.[1]

UB40-versjonen endre

Many Rivers to Cross
Singel av UB40
B-side

«Food for Thought'»

Utgjeve 1984
Sjanger Reggaefusion
Lengd 4:31
Selskap DEP International (UK)
Tekstforfattar Jimmy Cliff
Produsent UB40, Ray "Pablo" Falconer
UB40-kronologi 
«Please Don't Make Me Cry»
(1983)
Many Rivers to Cross «Cherry Oh Baby»
(1984)


«'Many Rivers to Cross'» er den tredje singelen til reggaegruppa UB40 frå albumet Labour of Love. Singelen nådde 16. plassen på singellista i Storbritannia og 48. plassen på New Zealand.


Cher-versjonen endre

Many Rivers to Cross
av Cher
frå albumet Greatest Hits: 1965–1992
Utgjeve 1993
Innspelt 1992
Sjanger Reggae
Lengd 4:10
Selskap Geffen
Tekstforfattar Jimmy Cliff
Låtskrivar(ar) Jimmy Cliff
Cher-kronologi 
«Whenever You're Near»
(1992)
Many Rivers to Cross «I Got You Babe»
(1994)


Cher gav ut ein versjon av songen som i 1993 nådde 37. plassen på den britiske singellista.[2]

Annie Lennox-versjonen endre

Annie Lennox gav ut songen på singel i 2008. Denne nådde 80. plassen på singellista i USA og 47. plassen i Canada.[3][4]

Andre versjonar endre

Mange artistar har spelt inn sine versjonar av songen. To av dei, UB40 og Cher fekk hittar med songen i Storbritannia.

Kjelder endre

  1. «Rush (2013)». Soundtrack.net. Henta 2. oktober 2013. 
  2. «Cher: Singles». UK Singles Chart. TheOfficialCharts.com. Henta 28. oktober 2013. 
  3. «Annie Lennox - Many Rivers To Cross». aCharts.us. Henta 28. oktober 2013. 
  4. «Leona Lewis Returns To No. 1 On The Hot 100». Billboard.com. Henta 28. oktober 2013. 
  5. "Many Rivers to Cross: Annie Lennox"Allmusic. Henta 28. oktober 2013.

Bakgrunnsstoff endre