Maoming (kinesisk: 茂名; pinyin: Màomíng) er eit byprefektur sørvest i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal på 11 458 km² og 5 817 753 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Maoming består av to distrikt (区 ), tre byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).

Maoming (gul) i Guangdong

Byen Maoming ligg 363 km vest for provinshovudstaden Guangzhou.

Næring endre

Maoming er ei av dei mest utvikla byområda i Kina. Prefekturet har ein stor petrokjemisk industri og er stor på både fruktavl og fiskeoppdrett. I Kina spelar Maoming ei viktig rolle i forsyninga av vinterplanta grønsaker.

Kjelder endre