Maoripetrell

fugleart
Maoripetrell
Maoripetrell
Maoripetrell
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: Maoripetrell P. pycrofti
Vitskapleg namn
Pterodroma pycrofti

Maoripetrell (Pterodroma pycrofti) er ein pelagisk fugl, ein medlem av slekta Pterodroma-petrellar, og ein av dei minste petrellane. Som hekkefugl er han endemisk for New Zealand. Han er ein flyttfugl som migrerer til sentrale og nordaustlege Stillehavet.

Fuglen er 26 til 28 centimeter i kroppslengd, og han veg ca. 160 gram.[1] I hovudtrekk er denne arten kvit på undersida med lys grå overside. Utsjånaden er elles mykje lik flaggermuspetrell, men sistnemnde er lysare. Også maoripetrellar viser ein mørk markert 'M' på oversida i flukt,[2] og undersida av vengknoken har berre ei kort svart linje i retning kroppsida.

Hekkekoloniane ligg på 12 små øyar på austkysten av New Zealand, dei største koloniane ligg på tre øyar: Red Mercury Island, Chickens Island og Double Island. Frå mai månad migrerer maoripetrellane nordover i Stillehavet. Dei er attende i hekkeområdet i september. Rugetida for det eine kvite egget er ca. 47 dagar og ungen er flygedyktig etter ca. 80 dagar, frå midten av mars til midten av april.

Føda til maoripetrellar er ikkje kjent.[1]

Populasjonen er estimert til totalt 30 000-40 000 individ (2012) og aukande.[2]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Maoripetrell