Mapuche (mapudungun for 'folket på jorda'), òg kalla araukanfolket og araukanindianarar, er ei folkegruppe som hadde kontroll over eit territorium i sentrale og sørlege del av Chile og sørlege Argentina. Etterkommarar frå denne gruppa lever framleis i området. Dei er kjent som folket som stod imot ekspansjonen frå inkariket mot sør, og som seinare heldt stand mot spanske og chilenske styrkar fram mot det endelege avgjerande nederlaget for general Julio Roca i 1879–1880. Dei er medlem av Unrepresented Nations and Peoples Organisation, UNPO.

Mapuchefamilie i Chile fotografert i 1908.