Maranhão

delstat i Brasil

Maranhão er ein delstat nordaust i Brasil, med São Luís som hovudstad. Nabodelstatar er Piauí, Tocantins og Pará.

Maranhão
delstat
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Del av nordaustregionen i Brasil
Hovudstad São Luís
Areal 331 983,2 km²
Folketal 7 000 229 (2017)[1]
Grunnlagd 1823
Kart
Maranhão
6°11′00″S 45°36′00″W / 6.1833333333333°S 45.6°W / -6.1833333333333; -45.6
Wikimedia Commons: Maranhão

Rakettoppskytingsfeltet Alcantara ligg nord i delstaten, ikkje så langt frå São Luís.

Historie endre

Frankrike etablerte i 1612 ein koloni i det som i dag er Maranhão, med São Luís som hovudsete. Tre år seinare blei byen tatt av portugisarane som igjen tapte han til hollendarane året etter, i 1641. Portugisarane fekk endeleg kontroll over byen i 1617. Byen blei inkludert i UNESCO si verdsarvliste i 1997.

Delstatane Ceará, Maranhão og Pará blei sameint under namnet Estado do Maranhão i 1621. Området haldt fram som sjølvstendig til 1774, då det kom under administrasjon av kolonien Brasil.

Maranhão deltok ikkje i den brasilianske sjølvstendeerklæringa i 1822. Året etter blei likevel portugisarane fordrive av admiral Lord Cochrane og delstaten blei med det ein del av keisardømmet Brasil.

Geografi endre

Det er ei rekke elvar i delstaten, slik som Parnaíba, Gurupi og Grajaú. Elvene gjer at delstaten ikkje er like utsett for tørke som dei andre delstatane nordaust i Brasil. Maranhão er prega av brå overgangar mellom ulike naturtypar: mangroveskog, ørken og steppe.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Maranhão