Marathon Oil Corporation

Marathon Oil Corporation er eit oljeselskap med hovudkontor i Houston i Texas i Sambandsstatane. Selskapet har verdsfemnande petroleumsverksemd. Selskapet er engasjert i leiting etter petroleumsressursar hovudsakleg i Sambandsstatane, Noreg, Ekvatorial-Guinea, Angola og Canada. Selskapet driv med utvinning av petroleum i Sambandsstatane, Storbritannia, Irland, Noreg, Ekvatorial-Guinea, Gabon og Russland.

Historie endre

Marathon vart skipa som The Ohio Oil Company i 1887. I 1889 vart selskapet kjøpt av John D. Rockefeller sitt Standard Oil- selskap. Selskapet var ein del av Standard Oil heilt til selskapet vart dømd til å oppløysa seg i 1911. I 1930 kjøpte Ohio Oil Company Transcontinental Oil Company, og starta å nytta «Marathon» som eit varemerke. I 1962 endra selskapet namn til Marathon Oil Company i høvet til varemerket. Mobil ynskte å kjøpa selskapet i 1981. Innbyggjarane i Findlay i Ohio var redde for å verta arbeidslause. Det vart såleis arbeidd for å finna andre til å ta over. I 1982 kjøpte United States Steel selskapet. Hovudkontoret vart flytta til Houston i 1990 men selskapet heldt fram med verksemd i Findlay. I 2002 endra holdingselskapet USX namn til Marathon Oil Corporation etter å ha seld stålføretaket United States Steel.

Bakgrunnsstoff endre