Marcel Proust

fransk bibliotekar og skribent

Marcel Proust (10. juli 187118. november 1922 som Valentin Louis Georges Eugène Marcel Proust) var ein fransk forfattar og kritikar, best kjend for På sporet av den tapte tid (À la recherche du temps perdu), eit sjubindsverk som skildrar «la belle époque», det omskiftande franske samfunnet mot slutten av 1800-talet, og sjelelivet til hovudpersonen.

Marcel Proust

Fødenamn Valentin Louis Georges Eugène Marcel Proust
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 10. juli 1871
16. arrondissement
Død

18. november 1922 (51 år)
16. arrondissement

Yrke romanforfattar, essayist, skribent, litteraturkritikar, lyrikar, prosaforfatter
Språk fransk
Sjanger serieroman, essay, pastisje
Far Adrien Proust
Mor Jeanne-Clémence Proust
Signatur
Marcel Proust på Commons

Liv endre

 
Landleg familieidyll i Auteuil under «la belle époque».
Foto: Eugène Atget, 1899

Marcel Proust var fødd i Auteuil, då eit nokså landleg område i Paris, i huset til grandonkelen Louis Weil. Faren, Achille Adrien Proust, var ein framståande patolog og epidemiolog som arbeidde med hygiene og kontroll av sjukdommar som kolera. Mora Jeanne, fødd Weill, var ei kultivert kvinne frå ein konvertert jødisk familie frå Alsace. Ho var svært knytt til sonen.

Marcel Proust leid av astma, og fekk som niåring så kraftige pustevanskar ved eit anfall at foreldra trudde han kom til å døy. Hendinga gjorde at han blei rekna som eit sjukeleg barn som blei halde mykje heime. Barndommen var også prega av lange feriar til landsbyen Illiers. Både opplevinga med astmaåtaket og livet i landsbyen sette tydelege spor i den seinare diktinga hans.

Frå elleveårsalderen var Proust elev ved Lycée Condorcet. Skulegangen blei hemma av sjukefråver, men han gjorde det likevel godt i litteratur, og kom i kontakt med det øvre borgarskapet gjennom klassekamaratane, som omfatta sønene til komponisten Georges Bizet og forfattaren Alphonse Daudet. Vennane og familien sin velstand gjorde at Proust kunne vitja salongar og observera livet til overklassen utan å gjera noko særleg arbeid. Einaste stillinga han hadde var ein frivillig jobb ved Bibliothèque Mazarine som han fekk i 1896, men sjeldan viste seg for.

Proust gjorde eitt års militærteneste frå 1889 til 1890 i Orléans. Tilbake i Paris studerte han ved École libre des sciences politiques og Sorbonne, der Henri Bergson, som var gift med ei kusine av Proust, kom til å utøva stor innverknad på forfattarverket hans.

Forfattarskap endre

 
Jeune homme à la fenêtre ('Ung mann ved vindauget', 1875) av Gustave Caillebotte.

Proust hadde lenge skrive for ulike tidsskrift. I 1896 gav han ut Les Plaisirs et les Jours, ei samling tekstar i fin de siècle-stil illustrert av Madeleine Lemaire med eit forord av Anatole France. Boka fekk lite merksemd, men blei såpass hardt slakta av kritikaren Jean Lorrain at Proust utfordra han til duell. Ingen blei såra, men boka forsterka omdømet til Proust som ei lite seriøs selskapsløve og dilettant.

I 1895 byrja Proust på ein roman, seinare utgjeven posthumt som Jean Santeuil etter namnet på hovudpersonen. Her skildrar han ein ung mann som omfamnar det litterære livet i Paris ved hundreårsskiftet. Mange tema i dette ufullførte verket blei tekne opp att i På sporet av den tapte tid, men hovudpersonen har eit dårlegare tilhøve til foreldra enn i det seinare verket. Romanstykket tek også for seg Dreyfus-saka, som Proust var sterkt engasjert i. Han var tidleg ute med eit opprop frå det franske kulturlivet om å få saka gjenopptatt. Proust skreiv også i den franske avisa Le Figaro frå sosietetslivet i Paris på 1890-talet.

Rundt 1900 droppa Proust romanforsøket og vende seg i staden mot den engelske filosofen John Ruskin. Etter at Ruskin døydde i 1900 tok Proust, med hjelp frå den engelskkunnige mora, til å omsetja tekstar av han. Proust reiste på «ruskinske pilegrimsreiser» til Nord-Frankrike, Amiens og Venezia. Første omsetjinga, La Bible d'Amiens, kom ut i 1904 og fekk gode kritikkar.

I februar 1903 forlét Proust sin bror Robert familiheimen for å stifta sin eigen familie. I november same året døydde faren. Eit endå større sjokk kom då mor til Proust døydde i september 1905. Han arva store rikdommar etter foreldra, men helsa blei svekka og han trekte seg tilbake frå omverda.

 
Faksimile av den siste sida til På sporet av den tapte tid.

Dei siste femten åra av livet levde Proust hovudsakleg i soverommet sitt, der han skreiv og retta på storverket sitt. På sporet av den tapte tid omfatta over tohundre personar frå fire generasjonar. Første bandet blei refusert av André Gide ved det leiande forlaget Gallimard, og blei i staden gjeve ut av det mindre Éditions Grasset. Gallimard gav derimot ut det andre bandet, som Proust vann prix Goncourt for i 1919. Dette året fekk han også Æreslegionen.

I 1922 døydde Proust av komplikasjonar ved bronkitt som utvikla seg til lungebetennelse. Han er gravlagd på Père Lachaise i Paris. Fleire av bøkene hans kom ut etter at han døydde.

Verk endre

 
Smaken av madeleinekake er knytt til minne i første verket i bokverket På sporet av den tapte tid.

På sporet av den tapte tid, hovudverket til Proust, er i sju delar med på til saman 3200 sider. På norsk er det kome ut i tolv band, omsett av Anne-Lisa Amadou. Verket tek for seg korleis tid kan overvinnast, inspirert av filosofien til Henri Bergson. Det skildrar også det franske aristokratiet si beste tid og veksten av middelklasse. Verket tek også opp andre tema, som antisemittisme, sjalusi, snobberi og homofili—eit vanskeleg tema, ettersom dette var forbode i Frankrike på denne tida og Proust sjølv var homofil.

Verka til Proust viser sterk innverknad frå Lev Tolstoj, særleg i synet på kunst. Proust er ofte samanlikna med den tyske forfattaren Thomas Mann.

I Contre Sainte-Beuve ('Mot Sainte-Beuve', ikkje på norsk), gjekk Proust imot den leiande litteraturkritikaren i Frankrike. Proust meinte at ein ikkje burde tolke kunstverk med utgangspunkt i kunstnarens biografi, men at berre verket sjølv skulle danne utgangspunkt for kritikken.

Pastiches et mélanges (Pastisjar og blandingar, ikkje på norsk) er ei samling etterlikningar av stilane til kjende forfattarar med utgangspunkt i ei fiktiv historisk hending.

Verkliste endre

  • Portraits de femmes
  • 1896 Les plaisirs et les jours
  • 1913-1927 À la recherche du temps perdu (På sporet av den tapte tid)
    • 1913 Du côté de chez Swann (Veien til Swann)
    • 1918 À l'ombre des jeunes filles en fleur (I skyggen av piker i blomst)
    • 1920 Le côté de Guermantes (Veien til Guermantes)
    • 1922 Sodome et Gomorrhe (Sodoma og Gomorra)
    • 1923 La prisonnière (Fangen)
    • 1925 Albertine disparue (Albertine forsvunnet; opphavleg tittel: La fugitive, Flyktningen)
    • 1927 Le temps retrouvé (Den gjenfundne tid)
  • 1919 Pastiches et mélanges
  • 1954 Contre Sainte-Beuve
  • 1954 Jean Santeuil (uferdig)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Marcel Proust
 

Originaltekst av Marcel Proust ved Wikisource (fr).