Marcianise

kommune i Italia

Marcianise er ein by og ein kommune i provinsen Caserta i Campania-regionen i Italia. Kommunen har 40 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 30,8 km². Byen ligg ni kilometer sør for provinshovudstaden Caserta og om lag 30 km nord for Napoli, 35 meter over havet.

Byen vart truleg grunnlagt på 500-talet, og kring 861 plyndra av sararsenarane. Området var ofte plaga av kolera-utbrot. Då større delar av sumplandet kring byen vart drenert, auka dyrkinga av hamp.

Ein større kjemisk fabrikk, og ein fabrikk som tilhøyrer tele-konsernet Ericsson, er dei største arbeidsplassane i dag. Elles er produksjon av smykke av ulike materialar, samt mjølkeprodukt og vinar viktige næringsgreiner.

Kjelder endre