Marcus Aurelius av Romarriket

(Omdirigert frå Marcus Aurelius)

Marcus Aurelius (26. april 12117. mars 180) var romersk keisar 161-180. Han forfatta Til meg selv, og er rekna som ein av dei fremste stoiske filosofane.

Marcus Aurelius

Fødd26. april 121
FødestadRoma
Død17. mars 180
DødsstadVindobona
GravstadCastel Sant'Angelo
FøregangarAntoninus Pius
EtterfølgjarCommodus
Gift medFaustina den yngre
DynastiNervan-antoninske dynasti, Antonines, Aurelies
FarMarcus Annius Verus, Antoninus Pius av Romarriket
MorDomitia Lucilla
BornCommodus, Marcus Annius Verus Caesar, Annia Aurelia Galeria Faustina, Fadilla, Lucilla, Annia Cornificia Faustina Minor, Vibia Aurelia Sabina, Titus Aurelius Fulvus Antoninus, Domitia Faustina

Marcus Aurelius blei fødd som Marcus Annius Verus og var av spanskætta patrisiarslekt. Far hans døydde tidleg, og han voks opp saman med mora og farfaren i nærleiken av Keisarpalasset i Roma. Han utmerkte seg tidleg hjå den dåverande keisar Hadrian. På dødsleiet adopterte Hadrian den komande keisar Pius, som så adopterte Marcus Aurelius. Frå 138 til 145 konsentrerte Aurelius seg om studiene, og fekk ei grundig utdanning i i retorikk, jus og statsstell. Frå 147 deltok han i regjeringa til adoptivfaren. Etter at Pius døydde i 161 blei han keisar under namnet Marcus Aurelius Antoninus (Pius), men hadde adoptivbroren Lucius Aurelius Verus som medregent fram til denne døydde i 169.

«Pass på at ikke mennesket går under i keiserverdigheten, at ikke purpuren smitter av på deg. Slikt hender. Hold deg selv enkel, god, ren, verdig, uaffektert, rettferdig, from, velvillig, kjærlig, sterk nok til de riktige oppgåver. Kjemp for at du stadig må være slik som filosofien vil gjøre deg. Vis ærefrykt for gudene, frels mennesker. Livet er kort. Den eneste frukt av et jordeliv er fromhet og handlinger til samfunnets gagn.»

Marcus Aurelius
Til meg selv

Jamvel om Aurelius var ein filosofisk, fredsæl mann, blei keisartida hans prega av stadige konfliktar, og han blei nøydd til å føre ei rad forsvarskrigar fram til sin død. Frå 161 utkjempa han ein krig mot Partia, Romarrikets gamle erkefiendar i aust. Denne konflikten opphøyrde i 166, men blei etterfølgd av krig same året mot ei germansk folkegruppe som hadde kryssa Brennerpasset. I 173 måtte Aurelius til fronten enno ein gong, etter at det kom til krig med eit rytterfolk på steppene i Austeuropa, før han i 174 igjen nedkjempa ei germansk folkegruppe. I tillegg blei Italia i denne perioden råka av fleire epidemiar og naturkatastrofar. I år 177 tok han sonen Commodus som medkeisar, og braut dermed tradisjonen der keisaren valde sin etterfølgjar ved adopsjon. Same året reiste han til fronten for igjen å kjempe mot germanske stammar. Han døydde under felttoget i 180, moglegvis ved dagens Mitrovic ved elva Save, eller i Wien.

Trass i alle konfliktene var Aurelius rekna for å vere ein mild og human herskar. Han forsøkte å gjere den romerske lovgivinga meir rettferdig, og prøvde å lette skadeverknadene frå pest og naturkatastrofar gjennom gåver og ettergjeving av skatt. Aurelius sin personlegdom kjem kanskje best fram gjennom dei tolv kapitla som utgjer Til meg selv. Her skildrar han ei mild stoisk livshaldning etter mønster av Epiktet og Seneca. Boka er skriven på gresk, og forfatta medan Aurelius oppheldt seg ved krigsfronten. I boka legg han vekt på sjølvprøving og god opptreden overfor andre menneske. Han uttrykkjer ei tru på eit forsyn som ordnar alt til det beste, og han understrekar at alle menneske er del av den same naturen.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen baserer seg heilt eller delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930).
  • «Innledning» av Rebecca Hammering Bang i Aurelius, Marcus. Til meg selv. Cappelen, Oslo 2004.