Marengs (av fransk meringue), også kalla pikekyss, er ei konfektkake laga av stivpiska eggekvite og sukker og tørka i omn ved svak varme. Marengs kan ha ulike storleikar, frå små knappar til store kaker. Kaka er naturleg kvite eller lysegul, men kan fargast med ulike tilsetningar.

Heimelaga marengs (kalla Schaum Torte).

Sjølv om ein lenge hadde laga søtmat av egg og sukker, var det først på 1600-talet kokkar byrja baka stivpiska eggekvite og sukker til marengs. For å få den rette konsistensen må eggemassen ikkje innehalda feitt (som finst i plomma), og sukkeret må vera svært fint.

Spansk marengs (La Mallorquina) i ulike fargar.

Marengs kan fargast og smaksetjast med ulike tilsetjingar, som malen mandel eller andre nøtter, bær, krydder som safran eller karve, eller konditorfarge. Dei kan serverast med tilbehøyr som krem, is, frukt eller som ei større kake. Nokre kaker laga med marengs er marengskake, marengspai, pavlova og baked alaska.

Kjelder endre

«marengs» i Store norske leksikon, snl.no.

  • David A. Bender (red.), «meringue», A Dictionary of Food and Nutrition (4 ed.). Oxford University Press, 2014. eISBN: 9780191752391
  • Alan Davidson og Tom Jaine, «meringue», The Oxford Companion to Food' (3 ed.). Oxford University Press, 2014. eISBN: 9780191756276
  • «marengs» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikikokeboka har oppskrifter for: Marengs
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.