Margaret Berger

norsk songar

Margaret Berger (fødd 11. oktober 1985 i Trondheim) er ei norsk songarinne frå Hitra. Ho representerer Noreg i Eurovision Song Contest 2013 med elektronikalåta «I Feed You My Love».

Margaret Berger

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1985 (38 år)
Trondheim
Yrke songar, komponist, songar-låtskrivar
Sjanger pop
Margaret Berger på Commons
Margaret Berger opptrer i Trondheim i 2006.
Foto: Andreas Åkre Solberg.

I 2004 vart Margaret Berger kjend då ho kom på andreplass i andre sesong av Idol. Vinnaren det året vart Kjartan Salvesen, men Berger gav same året ut si fyrste plate, Chameleon. Songen «Lifetime Guarantee» frå albumet vann i Spellemannprisen 2004 i klassa for beste musikkvideo. Oppfylgjaralbumet hennar kom ut i 2006 med tittelen Pretty Scary, Silver Fairy.

Bidraget hennar til Melodi Grand Prix 2013 vart skrive av svenske Karin Park og duoen MachoPsycho (Noreg/Sverige). [1] Under finalen vann ho ein klår siger med 102 032 røyster. Til samanlikning fekk andreplassen, «Bombo» av Adelén, 59 414 røyster. [2]

Eurovision endre

Eurovision Song Contest 2015 endre

Saman med Jan Thomas Holmlund, Anita Halmøy Wisløff, Marianne Jemtegård og Sverre Vedal sat Berger i den norske juryen som utgjorde 50 prosent av dei norske røystene i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[3]

Kjelde endre

«Margaret_Berger» i Store norske leksikon, snl.no., forfattar: Anne Marit Godal.

Fotnotar endre