Marguerite Yourcenar

Marguerite Yourcenar, eigentleg Marguerite Antoinette Jeanne Marie Ghislaine Cleenewerck de Crayencour (8. juni 190317. desember 1987) var ein fransk forfattar. Ho var fødd i Belgia, men busette seg i USA. Ho vart den første kvinna som vart vald inn i L'Académie Française i 1980.

Marguerite de Crayencour

Pseudonym Marguerite Yourcenar
Statsborgarskap Frankrike, USA, Belgia
Fødd 8. juni 1903
Brussel
Død

17. desember 1987 (84 år)
Bar Harbor

Yrke Forfattar
Språk fransk
Medlem av Lebanese Academy of Fine Arts, American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences, Académie royale de langue et de littérature françaises de Belgique, Académie française
Far Michel-Charles de Crayencour
Mor Fernande de Cartier de Marchienne
Signatur
Marguerite Yourcenar på Commons

Yourcenar skreiv romanar, noveller, dramatikk, essay, litteraturkritikk og sjølvbiografi, i tillegg til omsetjingar og gjendiktingar. Ho er best kjent for historiske romanar, som Mémoires d'Hadrien (1951; norsk Hadrians memoarer, 1953) om den romerske keisaren Hadrian og L'Œuvre au noir (1968; norsk Det svarte verk, 1969) med handling frå renessansen. Yourcenar var oppteken av gresk filosofi, og omsette gresk lyrikk. Ho tok også opp tema som religion, homoseksualitet og historia til sin eigen familie i trilogien Le Labyrinthe du monde.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Marguerite Yourcenar