Maria Kvalheim

norsk skodespelar

Maria Amor Kvalheim (fødd 6. juni 1977) er ein norsk journalist, moteekspert og tidlegare barneskodespelar. Ho vart landskjend etter å ha spelt rolla som 11 år gamle Frida i TV-serien Frida i 1989 - og seinare spelefilmen Frida - med hjertet i hånden (1991).

Maria Kvalheim
Fødd6. juni 1977 (46 år)
Verka somskodespelar, filmskodespelar

Kvalheim tok fri frå skulegang ved St. Sunniva skule i Oslo for å spela hovudrolla som Frida i filmen Frida - med hjertet i hånden i 1991. Ho hadde òg ei rolle i barneserien Øyenvitne, som gjekk som føljetong i Blikkbåx i 1988.

Ho avslutta skodespelarkarrieren på eit tidleg tidspunkt og studerte sidan internasjonal marknadsføring og tok journalistutdanning. Ho har etter enda utdanning arbeidd som moteekspert og stylist i bladet Tique og Cosmopolitan. Ho har spanske anar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre