Marie-Laure Brunet

Marie-Laure Brunet (fødd 20. november 1988) er ein fransk tidlegare skiskyttar fødd i Lannemezan, busett i Villard-de-Lans. Ho vart verdsmeister med Frankrike i mixstafett i 2009 og vann elles seks sølvmedaljar og fire bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap og vinterleikar i tida 2008-13. Tre av medaljane vann ho i individuelle renn, resten i stafettevlingar.

Marie-Laure Brunet


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. november 1988 (35 år)
Lannemezan
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Utmerkingar

offiser av Den nasjonale fortjenstorden

Brunet vann sin fyrste seniormedalje då ho gjekk den andre etappen for Frankrikes bronselag i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2008 i Östersund. Året etter gjentok tre av kvinnene; Brunet, Sylvie Becaert og Sandrine Bailly, prestasjonen då VM fann stad i Pyeongchang. To dagar før stafettbronse nummer to, lukkast Brunet, Becaert, Vincent Defrasne og ankermann Simon Fourcade å vinne gullmedaljen i mixstafetten.

I dei olympiske leikane 2010 i Vancouver vann Brunet bronsemedaljen i jaktstarten og tok deretter sølvmedaljen i 4 x 6 km stafett, laget var det same som fekk bronse i Pyeongchang. Eit delvis nytt mannskap, framleis med Brunet på laget, fekk eit nytt stafettsølv ved VM 2011 i Khanty-Mansijsk, samstundes som ho fekk ein ny VM-bronse i mixstafetten.

Brunet i løypa under VM 2013

Etter å ha vorte nummer seks på 7,5 km sprint under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding, tok Brunet tre sølvmedaljar på høvesvis jaktstarten, 15 km normalprogram og i 4 x 6 km stafett. På jaktstarten fann ho si overkvinne i tyske Magdalena Neuner, i normalprogrammet i norske Tora Berger, på stafetten vart Tyskland for sterke. I skiskytings-VM 2013 opna Brunet med å vinne si tredje medalje i mixstafett, ein sølvmedalje, tidlegare hadde ho gull og bronse i samlinga si frå den øvinga. Sidan i meisterskapen hamna ho eit godt stykke nede på resultatlistene.

Brunet lukkast aldri å vinne ei individuell tevling i verdscupen i skiskyting, ved fem høve vart ho nummer to. Nærast siger var ho på fellesstarten i Antholz i 2011, der ho vart innhenta og slått på målstreken av Tora Berger. I sin beste sesong, 2012-sesongen, enda Brunet på sjuandeplassen i verdscupen.

Ho la opp etter OL-sesongen 2014, då ho vart gått lei av toppidretten.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre