Marineinfanteri er ei våpengrein eller våpenart innan infanteri i ein militær organisasjon som er spesialisert på strid om bord i skip og/eller i amfibisk krigføring. Marineinfanteriet er ofte ein del av marina i ein stat (f.eks Nederlandse Korps Mariniers), men kan òg vere ei eiga forsvarsgrein (t.d. U.S. Marine Corps).

I Noreg er Kystjegerkommandoen det neraste ein kjem eit marineinfanteri.