Mariner 9 var ei romsonde i det amerikanske Mariner-programmet. Romsonden vart skoten opp 30. mai 1971 og nådde planeten Mars i midten av November same år. Mariner 9 var den første menneskeskapte objektet som vart sendt i bane rundt ein framand planet, før hadde romsondene berre flydd forbi målet og vidare utover solsystemet.

Mariner 9

Målsetjingar endre

Mariner 9 skulle fortsette studien av atmosfæra som Mariner 6 og 7 byrja med, romsonden skulle og kartleggje over 70 % av marsoverflata frå ei lågare høgd (1500 kilometer) og større oppløysing (100 - 1000 meter per piksel) enn nokon tidlegare marssonde. Ein infraraudt radiometer skulle søkje etter varmekjelder som bevis på vulkansk aktivitet. Den skulle og studere temperaturforandringar. Dei to marsmånane Phobos og Deimos skulle òg undersøkjast.

Resultat endre

När Mariner 9 kom till Mars var atmosfæra så fylt av støv at oveflata ikkje kunne sjåast. Denna uventa situasjonen viste fordelane med å studere ei planet medan ein gjekk i bane rundt den, istaden for å berre flyge forbi. Datamaskina om bord Mariner 9 vart programert til å utsettje fotograferinga eit par månader til støvet hadde lagt seg. Etter 349 døgn hadde Mariner 9 sendt 7329 bilete av meir enn 80 % av Marsoverflata og fotografert begge marsmånane.

Etter at romsonden tømte all drivstoff som opprettheld høgde, vart den slått av den 27. oktober 1972. Mariner 9 går framleis i bane rundt Mars, men vil etterkvart nå atmosfæra rundt år 2022.

Det enorme riftdalen Valles Marineris er døypt etter Mariner 9 som oppdaga den.

Bakgrunnsstoff endre

Mariner-programmet
 
Mariner 2
Førre ferd: Mariner 8 Neste ferd: Mariner 10
Mariner 1 | Mariner 2 | Mariner 3 | Mariner 4 |
Mariner 5 | Mariner 6 og 7 | Mariner 8 | Mariner 9 | Mariner 10