Marinette County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Wisconsin. Det ligg nordaust i staten ved Michigansjøen og det grensar mot Oconto County i sørvest, Forest County i vest og mot Florence County i nordvest. Fylket grensar også mot delstaten Michigan i nordaust.

Kart over Wisconsin der Marinette County er markert med raudt

Marinette Countys totale areal er 4 015 km², av dette er 384 km² vatn. I 2000 hadde fylket 43 384 innbyggjarar. Administrasjonssenteret ligg i byen Marinette som òg er fylkets største by.

Fylket har namn etter byen Marinette som i sin tur er oppkalla etter ei handelskvinne på 1800-talet som var dotter av ein fransk-canadisk pelsjeger og ei menominee-kvinne.

Norsk innvandring endre

Frå 1880 og ei knapt tjue år framover utvandra ein heil del sunnmøringar til Marinette, aller flest frå Ørsta. Dei fann sysselsetting som tømmerhoggarar eller på dei mange sagbruka.

Kjelder endre

  • Standal, Ragnar: Mot nye heimland, Volda 1985