Mario Kart 7

resarspel i Mario-Kart serien

Mario Kart 7 er eit dataspel i Mario Kart-serien. Spelet er utvikla av Nintendo til spelemaskina Nintendo 3DS og blei utgjeve i Europa 2. desember 2011.[1]

Mario Kart 7
Utviklar(ar)Nintendo Entertainment Analysis and Development, Retro Studios
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Kosuke Yabuki
Produsent(ar)Hideki Konno
SerieMario Kart
Siste versjon1.1, 1.2
Plattform(er)Nintendo 3DS
Utgjeving1. desember 2011
Sjangerresarspel
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttp://mariokart7.nintendo.com
Del av serien Mario Kart
Mario Kart Wii · Mario Kart 8

Mario Kart 7 har 17 ulike rollefigurar som ein kan velje å køyre med. I tillegg har spelet 32 ulike køyrebanar. Nytt i Mario Kart 7 er at bilane kan slå ut vengjer og segle av garde når dei er i lufta. Det er mogeleg å byggje eigne bilar ved å kombinere ulike chassis, dekk og vengjer. Åtte spelarar kan spele samtidig, anten trådlaust med medspelarar i nærleiken eller over internett. Køyrebanane har tema frå andre spel i Mario- eller Donkey Kong-serien.

Referansar endre

  1. Kart 7 Related Games Gamespot.com (på engelsk)