Marion Lois Jones (fødd 12. oktober 1975) er ein tidlegare korgballspelar, sprintar og lengdehoppar frå USA. Mor hennar kom frå Belize, og Marion Jones har dobbelt statsborgarskap.

Marion Jones


Statsborgarskap USA, Belize
Fødd 12. oktober 1975 (48 år)
Los Angeles
Idrett korgball, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, VM i friidrett 1997, VM i friidrett 1999, VM i friidrett 2001

Utmerkingar

Bislett-medaljen, Associated Press Athlete of the Year

Under VM i friidrett 1997 i Athen vart Marion Jones verdsmeister på 100 meter for kvinner. I tillegg var ho med på stafettlaget som vann gull for USA på 4 x 100 meter. To år seinare vart ho dobbelt verdsmeister under VM i friidrett 1999 i Sevilla.

Jones vann heile fem medaljar under sommar-OL 2000 i Sydney i øvingane 100 meter, 200 meter, 4 x 100 meter stafett, 4 x 400 meter stafett og lengdehopp. Ho deltok også i sommar-OL 2004, men enda her på ein skuffande femteplass i lengdehopp. I 2007 kom det ut at ho hadde brukt doping så langt tilbake som til OL i 2000 og at ho hadde loge om det framføre ein jury. Som straff vart diskvalifisert frå alle tevlingar ho hadde delteke i på denne tida, og ho vart fråteken alle medaljane frå OL i 2000, samt VM-medaljane frå 2001. Ho vart bannlyst frå å delta i sommar-OL 2008 på nokon måte. I tillegg måtte Marion Jones sitja seks månader i fengsel i 2008 for å ha loge for ein jury.

Ho har fått behalda medaljane sine frå før år 2000. I tillegg held ho og resten av laget framleis verdsrekorden på 4 x 200 meter stafett for kvinner frå april 2000.

Kjelder endre