Mark Naftalin
amerikansk pianist og musikar
Mark Naftalin (fødd 2. august 1944) er ein amerikansk blues-klaverspelar, plateartist, komponist og plateprodusent. Han var med på dei første fem[1] albuma med Paul Butterfield Blues Band i midten av 1960-åra som medlem av dette bandet. Som følgje av dette vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015. Han arbeidde seinare med Butterfield Band-medlemmet Mike Bloomfield og har vore aktiv frå heimen sin i Marin County i San Francisco Bay Area som festival- og radioprodusent i fleire tiår.
Mark Naftalin | |||
Fødd | 2. august 1944 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Minneapolis i Minnesota i USA | ||
Fødenamn | Joseph Thomas Hill | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
Sjanger | Blues | ||
Instrument | Klaverinstrument | ||
Verka som | Musikar, plateprodusent, radioprogramleiar |
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Mark Naftalin» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ ...inkludert «The Original Lost Elektra Sessions» (1995, innspelt 1964)