Marki (frå fransk marquis) er ein arveleg høgadeleg tittel i fleire europeiske land og dei tidlegare koloniane deira. Tittelen blir òg brukt tradisjonelt til å attgje kinesiske og japanske titlar av tilsvarande rang.

I dei fleste landa som brukar tittelen er markitittelen under hertug og over greve/jarl. Ei kvinne som er tittelinnehaver eller er gift med ein marki blir kalla ei markise.[1] Forma «markisinne» vert nokre gonger bruka feilaktig på norsk, men finst på svensk og nederlandsk.; i nokre tilfelle blir dette òg brukt om dottera til ein marki.

Historie endre

Den opphavlege tittelen var den tyske Markgraf, markgreve, som vart brukt i Det tysk-romerske riket. Dette var ein greve som kontrollerte grenseområde (frå marker, germansk for «grense»). Fordi grenseområda var både viktige og meir krevjande å styre enn andre område fekk dei utvida fullmakter, og vart dermed ståande over vanlege grevar.

Frå omkring 1300, moglegvis tidlegare, vart tittelen teken i bruk i England, men då utan tydinga «greve i grenseområde». Dermed hadde markitittelen som ein eigen tittel mellom greve/jarl og hertug oppstått.

Kjelder endre

Fotnotar