59°2′50.154″N 16°4′7.9608″E / 59.04726500°N 16.068878000°E / 59.04726500; 16.068878000 Marmorbyn er ein svensk tettstad i Vingåkers kommun i Södermanlands län i Södermanland. Som det går fram av namnet, har det vore utvinning av marmor på denne staden. Marmorbyn ligg mellom Katrineholm og Vingåker, og hadde hadde 389 innbyggjarar i år 2005.

Soga endre

Munkar frå Julita (Säby) cisterciensarkloster hadde på 1100-1200-talet henta marmor frå dette området for å brenne marmoren til kalk som skulle nytast som betring av jorda for dyrking. Det var fyrst frå 1860 at marmoren vart brote ut for å nyttast som byggjestein. På 1900-talet vart steinen foredla til fasadekledning på bygningar, til trapper og golv, og dessutan til mortarar.

Frå 1937, etter at verksemda Gropptorps Marmor AB tok til å byggje bustader for deira 120 tilsette på denne staden, byrja den noverande Marmorbyn å take form.

Kjelder endre