Martigny (tysk Martinach, latin Octodurum) er hovudstaden i det fransktalande distriktet Martigny i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 16 143 innbyggjarar (2010) og eit areal på 25 km². Kommunesenteret ligg 471 meter over havet.

Martigny
Horisonten til Martigny
Horisonten til Martigny
Kommunevåpenet til Martigny
Kommunevåpenet til Martigny


Plassering
Martigny is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Valais
Distrikt Martigny
Språk fransk
Borgarmeister Marc-Henri Favre
Geografi
Flatevidd
 - kommune

25 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

16 143
  645,7 /km²
Koordinatar 46°6′0″N 7°4′0″E / 46.10000°N 7.06667°E / 46.10000; 7.06667
Høgd over havet 471 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1920
Nettstad: www.martigny.ch

Martigny er eit trafikknutepunkt, med vegsamband over Store St. Bernhard-passet til Aostadalen i Italia, og eit anna over Col de la Forlclaz til Chamonix i Frankrike. Martigny ligg nær mange vintersportstader i Alpane, som Verbier, og søraust for Montreux. Martigny ligg i Rhônedalen, ved foten av Dei sveitsiske Alpane, og ligg der Rhône svingar nitti gr ader nordover mot Genfersjøen. Elva Dranse renn frå Wallis-Alpane og ut i Rhône her.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre