Martin Barre

britisk gitarist

Martin Lancelot Barre[2] (fødd 17. november 1946) er ein engelsk gitarist.

Martin Barre

Barre i Jerusalem
Fødd17. november 1946 (77 år)
FødestadKings Heath i Birmingham i England
FødenamnMartin Lancelot Barre
OpphavStorbritannia
Aktiv1968 til i dag
SjangerProgressiv rock, folkrock, hardrock
InstrumentGitar, bouzouki, mandolin, fløyte, saksofon
Kjende instrumentGibson Les Paul
Custom Manson gitar [1]
Tilknytte artistarJethro Tull, The Penny Peeps
PlateselskapRandM, Fuel 2000, Chrysalis, Eagle, Roadrunner, EMI, Capital, Island
Verka somMusikar, låtskrivar

Barre har vore gitarist i rockebandet Jethro Tull sidan 1969. Han har spelt på alle Jethro Tull-albuma utanom debutplata This Was. Stilen hans er ei blanding av Jeff Beck- og Eric Clapton-blues med barokk kompleksitetar frå tidleg 1970-tals progressiv rock og tradisjonell europeisk folkemusikk. Han har òg spelt fløyte både på scenen for Tull og i sitt eige soloarbeid.

Tidleg karriere endre

Barre byrja karrieren sin med å spele saksofon i Birmingham-bandet The Moonrakers tidleg i 1960-åra. I juli 1966 vart han med i bandet til Beau Brummell, The Noblemen, i lag med tidlegare Moonraker-medlem Chris Rodger, og gruppa endra så namnet sitt til The Motivation. Bandet bestod òg av songar Jimmy Marsh, bassist Bryan Stevens, klaverspelar Mike Ketley og trommeslagar Malcolm Tomlinson. Gruppa spelte på legendariske Marquee Club i London ved to høve og varma òg opp for Cream ved Upper Cut i Forest Gate i London. Dei spelte òg på the Piper Club i Roma i midten av 1967.

Sommaren 1967 forlet Marsh og Rodger bandet og dei andre tok inn tidlegare Clayton Squares-songar Denny Alexander og vart The Penny Peeps. Dei fekk kontrakt med Liberty Records og gav ut to singlar i 1968 - «Little Man With A Stick» med «Model Village» på andre sida og «I See The Morning» med «Curly, Knight of The Road» på andre sida. På dette tidspunktet byta Barre til sologitar.

Alexander forlet bandet i midten av 1968 og gruppa vart eit bluesband kalla Gethsemane. Det nye bandet gjekk i studio, men musikken deira vart aldri gjeve ut og dei gav seg i desember 1968. Etter ein kort periode i Fat Matress med Noel Redding frå bandet til Jimi Hendrix, vart Barre med i Jethro Tull.

Med Jethro Tull endre

 
Barre med Jethro Tull i Genova,
14. februar 2010 Foto: Pino D'Amico

Mot slutten av 1968 var det konflikt mellom Ian Anderson og den dåverande bluesgitaristen Mick Abrahams i Jethro Tull. Etter ein kort periode med gitarist Tony Iommi, som då spelte i bandet som sidan var Black Sabbath, prøvespelte han ein kort periode med Jethro Tull og var med på Rolling Stones Rock and Roll Circus. I tillegg prøvespelte David O'List frå The Nice for Jethro Tull utan suksess. Barre møtte opp for Anderson, men var så nervøs at det var så vidt han klarte å spele. For den neste prøvespelinga hadde han ikkje med seg forsterka eller gitarleidning. Likevel tok Ian Anderson Barre inn i bandet. Dei fire neste tiåra spelte Barre i Jethro Tull. Dei mest kjende gitarverka hans er «Aqualung», «Cross-Eyed Mary» og «Locomotive Breath».[3]

Nyare tid endre

 
Barre på Cropredy Festival i Oxfordshire den 13. august 2004

I 1990-åra byrja Barre å spele som soloartist og spelte inn fire album: A Summer Band, A Trick of Memory, The Meeting og Stage Left. På desse blanda Barre rock og jazzfusion. Mellom anna spelte bassist Jonathan Noyce på eit av albuma, og han vart fast bassist for Tull frå 1996 til 2007.

I 2012 turnerte han med eit band kalla New Day i lag med Pat O'May, John Mitchell, Frank Mead, Jonathan Noyce og Geoff Dunn. Han fortsatt og turnere med eget band i 2013 og 2014. Han spiller i Haugesund i Norge 31. oktober 2014. Han gas ut plata "Away with words" i 2013 og planlegger en ny utgivelse i september 2014.

Barre var fast gitarist i Jethro Tull frem til 2012. Hans siste konsert med bandet var i München 31. juli 2012.

Ettermæle endre

Signatursoloen til Barre på «Aqualung» frå 1971 vart av lesarane til Guitar Player stemd fram som ein av dei beste gitarsoloane gjennom tidene. Soloen vart òg kåra til ein av dei 100 beste i Guitar World i 2007. Dire Straits-gitarist Mark Knopfler sa i eit intervju i 2005 at Barre sitt arbeid med Ian Anderson var «magisk».

Diskografi (solo) endre

  • A Summer Band (1992)
  • A Trick of Memory (1994)
  • The Meeting (1996)
  • Stage Left (2003)
  • Away with Words (2013)

Kjelder endre

  1. Andy Manson. «Fine instrument luthier». Andy Manson. Arkivert frå originalen 3. juni 2012. Henta 15. september 2012 28 mars 2012. 
  2. «LET IT ROCK - Martin BARRE interview». dmme.net. Arkivert frå originalen 8. april 2012. Henta 15. september 2012. 
  3. Prown, Pete, and Newquest, HP (1997). Legends of Rock Gitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Gitarists, p. 85. Hal Leonard. ISBN 0-7935-4042-9.

Bakgrunnsstoff endre