Mary Stevenson Cassatt (22. mai 184414. juni 1926) var ein USA-amerikansk målar og grafikar frå Pittsburgh i Pennsylvania. Kunsten hennar høyrer inn under impresjonismen.

Mary Cassatt

Sjølvportrett, 1878
Pseudonym Cassatt, Mary Stevenson
Statsborgarskap USA
Fødd 22. mai 1844
Allegheny
Død

14. juni 1926 (82 år)
Le Mesnil-Théribus

Yrke kunstmålar, grafikar, grafikar, fotograf, kunstnar, raderer
Sjanger portrettmåleri, sjangermåleri, portrett, landskapsmåleri, figure
Far Robert S. Cassatt
Mor Katherine Kelso Cassatt
Signatur
Mary Cassatt på Commons

Liv og gjerning endre

Cassatt var dotter til Robert Simpson Cassat, ein kar som stamma frå ei av dei rikaste bankierfamiliane i Pennsylvania, og Katherine Kelso Johnston, ei velutdanna kvinne som også kom frå ein bankfamilie. Gjennom eit fireårs opphald i Europa lærte ho allereie i barneåra å kjenne dei europeiske kunstskattane. I 1861 begynte ho å studere på Pennsylvania Academy of Fine Arts i Philadelphia. Frå 1874 budde ho i Frankrike, der ho i Paris heldt fram studiane ei kort tid. Med stor interesse studerte ho i Frankrike, Italia og Spania måleria til store meistrar som Correggio, Diego Velázquez, Tizian og Rubens. Hennar eigne bilete fekk åtgaum og vart stilt ut på salongen i Paris.

Målaren Edgar Degas overtala henne til å slutte seg til den nye rørsla av sjølvstendige målarar, som seinare utvikla seg til dei såkalla impresjonistane. „Eg aksepterte med glede. Den konvensjonelle kunsten nekta eg å drive med. Eg byrja leve.“ Degas og Cassatt var nære venner i årevis. Ho stilte ut saman med impresjonistane og bidrog vesentleg til at impresjonismen tidleg vart populær i USA. Allereie i 1877 skreiv ho til ein rik venninne i New York og fekk denne til å kjøpe bilete av Edgar Degas og Claude Monet.

 
Losjen, 1880

Hovudtema i kunsten hennar var kvinner, særleg mor-og-barn-temaet. Bileta hennar syner fram alle tenkelege situasjonar av levemåten til borgarskapen, slik han arta seg i dei siste tiåra av det 19. hundreåret; i lag med borna sine, lesande, tedrikkande eller i operahuset. Etter ho 1890 i Paris fekk sjå japanske fargetresnitt, hadde ho suksess med denne forma for kunst.

Etter 1877 budde også foreldra og systera hennar i Paris. Likevel fann Cassatt tid til å inspirere, oppmuntre og gje økonomisk stønad til unge, kvinnelege kunststudentar.

I 1904 vart ho utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen. Tapet av synsevna gjorde at ho slutta å måle i 1914.

Ho døydde i Le Mesnil-Théribus i Oise i Frankrike.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mary Cassatt