Maskehornramnar

fugleslekt
Hornramnar
Raudmaskehornramn Foto: Duncan Wright
Raudmaskehornramn
Foto: Duncan Wright
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Horn- og hærfuglar Bucerotiformes
Familie: Bucorvidae
Slekt: Hornramnar Bucorvus
Lesson, 1830

Maskehornramnar, Bucorvidae, er ein biologisk familie av ordenen Bucerotiformes, med ei einaste biologisk slekt Bucorvus og to nolevande artar. Familien er endemisk for Afrika sør for Sahara. Blåmaskehornramn finst i eit belte frå Senegal aust til Etiopia, medan raudmaskehornramn lever på dei sørlege og austlege delane av kontinentet.

Maskehornramnar er store fuglar, dei vaksne rundt ein meter høge. I motsetnad til hornfuglar er begge artar av maskehornramnar bakkelevande, og dei lever av insekt, slangar, andre fuglar, amfibium og jamvel skilpadder.[1] Dei er blant fuglane med lengst levealder.[2]

Ein forhistorisk maskehornramn, Bucorvus brailloni, er skildra frå fossile bein i Marokko, noko som tyder på at slekta var mykje meir utbreidd eller distribuert annleis før kvartæristidene.[3]

Artslista endre

 
Raudmaskehornramn, augevippe er synleg, dominerande blåfarga på strupen indikerer hofugl.

Bucorvus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå september 2012[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Kinnaird Margaret F. and O‘Brien< Timothy G.; The Ecology and Conservation of Asian Hornbills: Farmers of the Forest; pp. 20-23. ISBN 0226437124
  2. Wasser, D. E. and Sherman, P.W.; “Avian longevities and their interpretation under evolutionary theories of senescence” in Journal of Zoology 2 November 2009
  3. Kemp, A. C. 1995 The Hornbills. Oxford University Press, Oxford.
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 3. november 2013 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maskehornramnar