Maskevipe

fugleart
Maskevipe
I flukt viser maskevipa ein pigg på vengeknoken Foto: Wikimedia-brukar: Benjamint444
I flukt viser maskevipa ein pigg på vengeknoken
Foto: Wikimedia-brukar: Benjamint444
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Underfamilie: Vanellinae
Slekt: Viper Vanellus
Art: Maskevipe V. miles
Vitskapleg namn
Vanellus miles

Maskevipe (Vanellus miles) er ein vadefugl og ein lett kjenneleg medlem av lofamilien. Ho var opphavleg utbreidd i Australia og Ny-Guinea, i Australia spesielt dei nordlege og austlege delar av kontinentet. Maskevipa er nyleg spreidd over store delar av New Zealand. Ho brukar mesteparten av tida si på bakken på jakt etter mat som insekt og meitemark, og har eit utval av særeigne læte.

Skildring endre

Maskevipa er ei stor vipe, ca. 38 centimeter med gjennomsnittleg kroppssvekt på 370 og 350 gram for hannar og hoer høvesvis. Mest karakteristisk for utsjånaden er gult nebb og ei gul ansiktsmaske med gule hudlappar frå nebbrota. Den sørlege underarten, V. m. novaehollandiae, har ei svart krone, svart bakside av nakken og er lysbrun på rygg og oversida av vengene. Undersida av halsen, bryst, buk og over- og undergump er kvit. Undersida av vengene er kvite, vengene har svart bakkant og halen har svart endeband. Ho har ei svart stripe eller krage frå nakken ned mot buken på framsida av skuldra.

Den nordlege underarten, nominatforma, er som den sørlege, men litt mindre, manglar svart i nakken og manglar den svarte kragestripa. Nominatforma har større ansiktsmaske som rekkjer lengre bak på hovudet. Denne underarten lever i nordlege Australia og på Ny-Guinea.[1]

Den sørlege underarten levde i austre og søraustre Australia og spreidde seg vidare til Tasmania. Den første hekkinga som blei observert på New Zealand gjekk føre ved Invercargill lengst sør på Sørøya i 1932. Fram til 1980 var maskevipa spreidd over Stewart Island/Rakiura og mykje av Sørøya, etter det over Nordøya og er òg observert på fjernare øyar som Antipodesøyane og Bountyøyane. Ho blir stadig meir vanleg i landet.

 
Maskevipe plukkar mark på stranda i New South Wales, Australia
Foto: Toby Hudson

Dietten består hovudsakleg av meitemark, insekt og larver, men gjerne òg plantekost som frø. Denne føda finn dei helst på beitemark med kort gras og gjerne på pløgde åkrar. Dessutan har dei habitat i tidevassona og tar krepsdyr og blautdyr der.

Maskeviper er støyande fuglar med et variert repertoar av læte. Mange lever som monogame par gjennom heile livet. Paret er aggressive når dei vernar reirplassen og kan til dømes åtake plystreskjorer. Reira er enkle, grunne skraper i bakken, fora med lett tilgjengelege materialar. Dei har fleire kull i året, kvart kull er vanlegvis på 4 egg. Klekkinga skjer etter 1 månad og ungane kan flyge etter 7-8 veker. Ungane finn sjølv mat rett etter klekking og startar mest vanleg med hekkinga i det andre leveåret. Det eldste kjente individet av maskevipa på New Zealand blei over 16 år.

Globalt er arten i framgang og er har status som livskraftig.[2]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. oiseaux.net Vanneau soldat Vanellus miles - Masked Lapwing Henta 15. februar 2013
  2. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maskevipe