Maskingevær er eit heilautomatisk skytevåpen som kan fyre av skot i rask rekkjefølgje utan at skyttaren treng å ta ladegrep eller trykke inn avtrekkaren på nytt for kvart skot. Maskingevær kan vere montert på køyretøy og operatøren kan skyte derifrå, eller fotsoldaten kan bere geværet under flytting og setje det på ein to-fot i stillinga. Eit fastmontert eller mykje tungt maskingevær vert kalla mitraljøse.

M60 er et amerikansk maskingevær.

Har maskingeværet kaliber 20 mm eller større, er det ein maskinkanon. Det vil seie at det er umogeleg eller upraktisk å bruke geværet i handa.

Maskingevær kan ha eitt eller fleire løp. Har maskingeværet fleire løp som roterer kallar ein maskingeværet for ein «gatling». Ein føremon med denne konstruksjonen er at det er fleire røyr som skiftar på å fyre av skot og kvart løp kan dermed verte kjølt ned mellom kvart skot. Alternativt kan skyttaren auka skottakten.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Maskingevær
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.