Maskinpistolen M3

M3 er ein amerikansk maskinpistol som òg vart kalla Grease gun. Han vart for det meste laga i kaliber .45 ACP og vart under andre verdskrigen, i desember 1942, utvikla av G. J. Hyde for å erstatte den dyre og kompliserte Thompsonmaskinpistolen. Frå 1944 vart ein litt meir forseggjord variant laga, M3A1. Denne kunne òg bruke ammunisjon i kaliber 9x19 mm Parabellum.

M3 maskinpistol

Denne maskinpistolen kan berre skyte heilautomatisk. Magasinet held 30 patronar i .45 ACP. Denne maskinpistolen var upopulær blant soldatane på grunn av ustabilitet. Han vart likevel bruka av det amerikanske militæret i andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen, og faktisk heilt fram til 1990 var panseravdelingar i den amerikanske hæren og nasjonalgarden sette opp med M3/M3A1, på grunn av den hendige størrelsen. I alt vart 679 000 eksemplar laga.

Kjelde: Tysk wikipedia, art. M3 (Maschinenpistole).

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: M3 (Maschinenpistole)